Sjukepleiar/vernepleiar 100 % svangerskapsvikariat
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon. Vi har også 1 ØHD-plass.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Som sjukepleiar vil du kunne jobbe langvakter, kvar 6. helg og langfri kvar 6. veke.
ArbeidsoppgåverSjukepleiefaglege oppgåverKlinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandlingVurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidararSamarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokusMultidose- og generell legemiddelhandteringAssistere lege på legevakt ved behovKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiarGode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg3. årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke.
Personlege eigenskaparGod fagleg dyktigheit og interesse for fagetGode kommunikasjonsevnerUtviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibelEvne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeidLikar utfordringarHar brukar i fokusHar stor arbeidskapasitetAnsvarsfull og stabilGode digitale ferdigheiterEvne til å bidra til eit godt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyrÅrsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnusFaglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaerAkuttkurs for legevaktspersonellFagutvikling og simuleringKommunale vilkår inkludert god pensjonsordningLøn etter avtaleNedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6 Kommunen har løpande inntak til barnehageplassTilsettingsvilkår:
Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsettingTeieplikt Det er 6 månadar prøvetid ved tilsettingKontaktinformasjonGry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +4790770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no
ArbeidsstedPrærien 23
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5139943040
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 30.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗