Helsefagarbeidar 100 % fast
Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi har innført kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, og deltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheiter for fagutvikling og simulering, vi har eigne fasilitatorar og instruktørar.
Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!
ArbeidsoppgåverKlinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåverObservasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidararSamarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokusMultidose- og generell legemiddelhandteringKvalifikasjonarFagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegGode datakunnskaparPersonlege eigenskaparLøysingsorientert og viser initiativNytenkande, engasjert i aktivitet og kan motiverePositiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andreStor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektiskTolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiterPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyrSpennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaerÅrsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnusKommunale vilkår inkludert god pensjonsordningNedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6Kommunen har løpande inntak til barnehageplassTilsettingsvilkår:
Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsettingTeiepliktDet er 6 månadar prøvetid ved tilsettingKontaktinformasjonGry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +4790770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no
ArbeidsstedPrærien 23
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5139939036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗