via nav · 26 May 2026 ·11 days ago

Avdelingsleiar kultur

Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Fyresdal Full-time
6 jobs in Fyresdal — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du jobbe som leiar i ein framtidsretta distriktskommune med tydlege ambisjonar? Fyresdal kommune satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon og i den samanheng vil avdeling for kultur ha ei sentral rolle framover. Her vil du ha reell påverknadskraft for utvikling av tenestane innanfor kultur og fritid.

Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på. Du får høve til å kombinere ein meiningsfull jobb med eit godt liv – der det er rom for både fagleg utvikling og kvardagsbalanse. Å jobbe i Fyresdal kommune betyr å vere med og forme framtida i ein liten kommune. 

Det går føre seg ei større datasenteretablering i kommunen. Den etableringa vil gje større handlingsrom og tilboda innafor kulturfeltet vil bli viktige i utviklinga framover.

I avdeling for kultur ligg junior- og ungdomsklubb, bibliotek, badevakt, kultur og kulturskule. Kommunen har fine lokale, ny idrettshall og nyrenovert kulturhus. Avdeling kultur er ei av dei tre avdelingane i sektoren; skule, barnehage og kultur. I dag har avdelinga ca. 10 tilsette. 

Kultur - det som gjer oss til oss!

ArbeidsoppgåverLeie og utvikle kultur- og fritidstilbodRektor for kulturskulen  Personal- og administrasjonsleiing, inkludert økonomi- og planarbeid
Saksbehandlar
Koordinator for ungdomsrådet  Kulturarrangement  Dagleg drift og booking av kulturhus, idrettshall og symjehall 
God forståing for samspelet mellom politikk og administrasjonDelta i sektoren si leiargruppe og kommunedirektøren si utvida leiargruppeBidra til tverrfagleg samarbeidEin må pårekne noko helg- og kveldsarbeid.  

KvalifikasjonarHøgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan kulturfag, pedagogikk og leiing
Leiarfaring frå kultursektoren eller tilsvarande er ein fordelErfaring frå førebyggjande arbeid, utvikling av fritidstilbod og ungdomskultur Personlege eigenskaparStor gjennomføringskraft og evne til å skape engasjement i avdelinga og lokalmiljøetGode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å motivere og bygge nettverkGod forståing av kulturfeltet si rolle i samfunnsutviklingaFleksibel og løysingsorientert    Evne til å prioritere Strukturert og god skriftleg framstilling  Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljøVi ser etter deg som ikkje berre har fagkompetanse, men som også har personlege eigenskapar og motivasjon for å lukkast i ei stilling med høg variasjon og utvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyrEit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljøMoglegheit for å påverke og utvikle kommunale tenesterEin kommune med satsingsområde på barn og ungeFortløpande opptak i barnehage og skulefritidsordningEtter eitt års busetting og arbeid i kommunen kan du søke om sletting av studielån gjennom Lånekassen si statlege ordning (Fyresdal = sentralitetsklasse 6)Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkGode pensjons- og forsikringsordningarTilsettingsvilkår

Krav om politiattest ved tilsettingTeieplikt etter gjeldande regelverkSeks månadar prøvetidNamn på søkar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova.

KontaktinformasjonLiv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97760221

ArbeidsstedFyresdalsvegen 2233

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5133690367

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Fyresdal
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Fyresdal?
Currently 6 roles in Fyresdal on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.