Sjukepleiar/helsefagarbeidar natt - 62,4 % fast
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar er viktig. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet, og det er viktig å kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!
Vi søker sjukepleiar/helsefagarbeidar til heimetenesta på natt. Vi ynskjer oss ein sjukepleiar/helsefagarbeidar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
ArbeidsoppgåverKlinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.Medikamenthandtering. KvalifikasjonarBåde søkarar med autorisasjon som sjukepleiar og helsefagarbeidar er velkomne til å søke.Personlege eigenskaparEr imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.Har gode samarbeidsevner.Har god evne til å jobbe sjølvstendig.Er ansvarsfull og stabil.Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.Har stor arbeidskapasitet.Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.Likar utfordringar.Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyrFaglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.35,5 timars veke. Arbeid i turnus på natt og arbeid kvar 3. helg.Løn etter avtale.
Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
Barnehage og skule lokalisert i sentrum.Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, herunder 6 månadar prøvetid.Den som blir tilsett må ha førarkort klasse B.
KontaktinformasjonCharles La, Kommunalsjef helse og omsorg, 97340811, charles.la@fyresdal.kommune.no
ArbeidsstedPrærien 23
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5132414673
Stillingsprosent: 62,4%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗