Sakshandsamar
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell for barn, ungdom og familiar? I barneverntenesta i Bremanger kommune har vi no ledig ei fast 100% stilling som sakshandsamar, og vi håpar du vil bli ein del av laget vårt.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Du blir del av eit fagmiljø som samarbeider tett, støttar kvarandre og jobbar målretta for å gi barn og familiar tryggleik, utvikling og gode rammer.
ArbeidsoppgåverSamarbeide med barn, ungdom og familiarUtarbeide og følgje opp planar og tiltakSakshandsaming i tråd med gjeldande lovverkHandtere uavklarte situasjonar på ein trygg og profesjonell måteDelta i tverrfagleg samarbeidKvalifikasjonarVi ser etter deg som:
er utdanna barnevernspedagog, sosionom eller har anna relevant høgskuleutdanninghar kunnskap og gjerne erfaring med sakshandsaming etter lovverketjobbar godt sjølvstendig og er trygg i rolla dier fleksibel, samarbeidsvillig og systematiskhar relevant erfaring frå barnevern (ein fordel)Du må også:
beherske norsk godt, både skriftleg og munnlegha førarkort klasse Bkunne legge fram politiattest av nyare datoPersonlege eigenskaparSom sakshandsamar i barnevernet møter du menneske i sårbare situasjonar, og difor er det viktig at du er ein person som skapar tryggleik rundt deg. Du møter barn, ungdom og familiar med respekt, varme og eit ope sinn, og du klarer å halde roen også når situasjonane er uoversiktlege eller krevjande. Du er god til å lytte, men også tydeleg når det trengst, og du klarer å balansere omsorg med fagleg vurderingsevne.
Du jobbar strukturert og målretta, og du har evne til å sjå både detaljar og heilskap. Samarbeid er ein stor del av kvardagen, så du trivst med å jobbe tett saman med andre fagpersonar – samtidig som du står støtt i sjølvstendige vurderingar. Du er fleksibel, løysingsorientert og har mot til å ta dei vanskelege samtalane når det er nødvendig.
Vi tilbyrBremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Hjelp til å finne bustad og barnehageplassGratis barnehageGratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasseFritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitetGode forsikringsordningar i arbeid og fritidGode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjonSenioravtale for tilsette over 62 årDu er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
KontaktinformasjonAnita Brevik, Driftssjef Familie og helse, +47 95982939
ArbeidsstadGranden 4
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5136500244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗