Assistent
Ved Svelgen omsorgssenter er det ledige helgastillingar, og vi søkjer deg som har interesse for pleie- og omsorgsfaget. Stillingane inneber fortrinnsvis arbeid annan kvar helg.
Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne, lyst og tilrettelagt omsorgssenter. Her bur pasientane i trivelege omgjevnader, og medarbeidarane har ein arbeidsplass som legg til rette for både kvalitet og trivsel.
Arbeidskvardagen hos oss er variert og lærerik, og du får jobbe saman med erfarne og dyktige kollegaer. Senteret har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer erfaring, utvikling og eit meningsfylt helgearbeid.
ArbeidsoppgåverSom helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna:
Arbeide med ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behovGi heilskapleg omsorg og ivareta individuelle behovMogelegheit til å delta i ressursgrupper innan t.d. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreftBidra til dokumentasjon, rettleiing og undervisningSamarbeide tett med kollegaer på tvers av avdelingarKvalifikasjonar (overskrift)Vi søkjer deg som:
har erfaring frå pleie og omsorggjerne er ferdig utdanna, eller under utdanning innan helse- og sosialfag
Vi ønskjer oss ein motivert, fagleg engasjert og sjølvstendig medarbeidar som trivst med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for pasientane våre.
Pasientane har ulike medisinske behov, og du må difor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. Personleg eignaheit blir vektlagt.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Hjelp til å finne bustad og barnehageplassGratis barnehageGratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasseFritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitetGode forsikringsordningar i arbeid og fritidRekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjonArbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtaleSenioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
ArbeidsstadGranden 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5140004859
Stillingsprosent: 25%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 17.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗