Offentleg godkjent sjukepleiar
Er du sjukepleiar som ønskjer eit spennande vikariat der du får bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit til å skape tryggleik, trivsel og meistring for andre? Då ønskjer vi deg velkomen til Svelgen Omsorgssenter! Vi har frå august 2026 ledig to vikariat i 100% stilling som sjukepleiar i eitt år.
Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som vikar hos oss får du ein tilrettelagd og inkluderande arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og gir deg ein trygg start.
Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod, noko som gir deg brei erfaring på kort tid.
Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Vikariatet passar godt for deg som ønskjer fagleg utvikling, variasjon og ein arbeidsplass som tek deg godt imot.
ArbeidsoppgåverDette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:
Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientaneFølgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behovGi heilskapleg omsorg for eldre menneskeVurdere og ivareta individuelle behovDelta i ressursgrupper og fagutviklingDokumentere, rettleie og underviseKvalifikasjonar (overskrift)Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Erfaring frå akuttmedisin er ein fordelTrivst med teamarbeid og samarbeid på tversOmstillingsdyktig og løysingsorientertPolitiattest av nyare datoGod norskframstilling, både skriftleg og munnlegVi ser etter ein medarbeidar som er:
Motiverte, engasjert og nysgjerrigSjølvstendig, men glad i samarbeidTrygg i møte med menneske, og god til å skape ro og tillitVillig til å bruke faget sitt breitt for å gi pasientane best mogleg omsorgDu møter menneske med ulike sjukdomsbilde og behov, og du må kunne sette deg inn i situasjonane deira med fagleg tyngde – samtidig som du har eit varmt, medmenneskeleg blikk.
Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert lagt stor vekt på. Her får du ikkje berre ein jobb – men ein kvardag der du verkeleg kan utgjere ein forskjell
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Hjelp til å finne bustad og barnehageplassGratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du:
Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitetGode forsikringsordningar i arbeid og fritidRekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtaleSenioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
ArbeidsstadGranden 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5139949034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗