via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Kulturkonsulent

Oppvekst, kultur og fritid, Bremanger kommune
Svelgen
7 jobs in Svelgen — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere med å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge?
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert kulturkonsulent for barn og unge i Bremanger kommune.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å bidra til eit inkluderande og aktivt kultur- og fritidstilbod for barn og unge i lokalsamfunnet.

Dette er eit vikariat f.o.m. 01.08.26 t.o.m. 31.12.26 med høve til forlenging.

ArbeidsoppgåverOm stillinga
Som kulturkonsulent får du ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og koordinere kultur- og fritidstilbod for barn og ungdom i samarbeid med fagleiargruppa i kultur og fritid. Stillinga ligg til oppvekst, kultur og fritid, og inneber tett samarbeid med skular, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunen og andre samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver

Planleggje, utvikle og drifte fritidsklubbar for barn og ungdomKoordinere og følgje opp Den kulturelle skulesekken (DKS)Vidareutvikle og organisere tiltak innan Open skuleAnsvar for BUA – utlån av utstyr til fritidsaktivitetarInitiere og gjennomføre arrangement, aktivitetar og prosjektSamarbeide med frivillige lag, kulturliv og ungdom sjølveBidra til medverknad og inkludering av barn og ungeAdministrative oppgåver knytt til planlegging, rapportering og økonomiKvelds- og helgearbeid må påreknast

KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning innan kultur, pedagogikk eller tilsvarande. Andre kan også søkje.Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordelErfaring frå prosjektarbeid og koordineringGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorskDigital kompetanseGyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Personlege eigenskaparEngasjert og initiativrikGode samarbeidsevner og relasjonskompetanseStrukturert og sjølvstendigFleksibel og løysingsorientertEvne til å motivere og skape engasjement hos barn og ungeVi tilbyrBremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

Hjelp til å finne bustad og barnehageplassGratis barnehageGratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasseFritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/    

I tillegg får du:

Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitetGode forsikringsordningar i arbeid og fritidGode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.Senioravtale for tilsette over 62 årDu er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!   

KontaktinformasjonNorvall Klungresæter, Driftssjef kultur og fritid, +47 91658547

ArbeidsstadGranden 4

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5137518150

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2026

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 14.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
7
jobs in Svelgen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Oppvekst, kultur og fritid, Bremanger kommune

2 open positions · Svelgen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Svelgen?
Currently 7 roles in Svelgen on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.