Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
Volda sjukehus søker ein dyktig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønsker ein allsidig spesialist med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø.
Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg- til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekker vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!
ArbeidsoppgåverDu vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. For tida er det 5-delt heimevaktDu vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehusetDu vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårtDu har evne til å leie og arbeide godt i teamDu deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS3KvalifikasjonarDu har norsk autorisasjon som lege, og norsk spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og kvinnesykdommerDu meistrar godt norsk/skandinavisk språk skriftleg og munnlegPersonlege eigenskaparDu er fagleg dyktig og engasjertDu kommuniserer på ein måte som skaper tillit blant pasientar og kollegaerDu trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardagDu vil medvirke aktivt til eit godt arbeidsmiljøDu er fleksibel og bidrar der din kompetanse trengsÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårDyktige, nytenkande, hyggelege og engasjerte kollegaerHjelp til å skaffe boligVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
KontaktinformasjonVilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, Vilde.Lund.Osdal@helse-mr.no
ArbeidsstadKløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5128253238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗