Helsefagarbeider. Fjordsyn omsorgsbustadar
Ledig fast stilling – 90 % helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar
Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast 90 % stilling som helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar.
Fjordsyn er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.
Det er for tiden todelt turnus med dag/kveld og arbeid kvar tredje helg.
👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget!
ArbeidsoppgåverHovudoppgåvene er å yte helse- og omsorgstenester til bebuarane ved Fjordsyn omsorgsbustader, som har 29 leilegheiter. Som helsefagarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov, og du skal bidra til god omsorg gjennom observasjon av brukaren sin tilstand og ved å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og tilrettelegging slik at bebuarane får eit godt og meiningsfylt innhald i kvardagen, og kvar einskild tilsett har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø. Stillinga inneber særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av brukaren sin helsetilstand, samt å setje i verk og følgje opp nødvendige tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Helsefagarbeidaren har òg ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent i arbeidet. Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet, tilpassa rolle og ansvar.
KvalifikasjonarAutorisasjon som helsefagarbeidar er eit kravErfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagtBeherske norsk flytande, både munnleg og skriftlegAlminnelege datakunnskaparGode kommunikasjon- og samarbeidsevnerVi legg vekt på gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanseKrav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar før oppstart i arbeidFørarkort klasse B Personlege eigenskaparDu er omsorgsfull, fleksibel og samarbeidsvillig. Du likar å arbeide med eldreDu tek ansvar og trivast med å arbeide sjølvstendigDu har god evne til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og setje iverk nødvendige tiltakDu tek initiativ og ansvar i arbeidetDu har høg arbeidsmoralDu har godt humør, og samarbeider og medverkar til eit godt arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar vert avgjerande ved tilsettingVi tilbyrLøn etter tariffSjølvstendig og variert arbeidHøve til fagleg og personleg utviklingEit inkluderande og godt arbeidsmiljøGod opplæring, rettleiing og støtte slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitetInternundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma GlupGode forsikrings- og pensjonsordningar KontaktinformasjonLill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27, lill.kristin.vassbotn@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521, elsebeth.melle@volda.kommune.no
ArbeidsstadSevrinhaugen 4
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5140007120
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗