Furene avdeling Mjøl og Meir på Sæbø treng folk
Sommarjobb på vakre Sæbø
Er du på jakt etter ein kjekk sommar/sesongjobb?
Vil du jobbe med ferske bakarvarer og hyggelege kundar?
Er du over 16 og "under 100 år" og har arbeidslyst?
Då trur vi at du er rette personen for oss.
Hva vi ser etter
Du er positiv og likar å jobbe med folk
Du tek ansvar og møter opp i tide
Du jobbar godt både åleine og i lag med andre
Du kan jobbe morgon, dag og helg (bakeri startar tidleg!) men vi har turnus
Arbeidsoppgaver
Mellom høge fjell og i vakker natur finn du vårt koselege bakeri der du kan få vere med på å:
Lage og klargjere bakarvarer
Selje mat og drikke til kundar
Gi god service og bidra til god stemning
Hjelpe til med rydding og reinhald
Vi tilbyr
Er du ung vil du få:
Nyttig arbeidserfaring
Lære om mat, sørvis og samarbeid
Ein variert og aktiv arbeidsdag
Er du ikkje så ung, vil du jammen få det same😊
Bakeriet held ope til i september og opnar igjen fram mot jul, så her er det gode moglegheiter for vidare ekstrajobb.
Send oss gjerne ein søknad der du fortel om deg sjølv og kva perioder du kan jobbe i.
Om du har vidare spørsmål kan du ta kontakt med:
Avdelingsleiar Per-Ivar AAk på mobilnummer 924 21 262
Driftsleiar Linda Silova på mobilnummer 46 21 93 77
HR - personal Gro-Lise M Rise mobilnummer 97487094
This listing is from nav. View original listing ↗