via nav · 3 June 2026 ·3 days ago

Reinhaldar/pleiemedarbeidar Fjordsyn

Volda kommune, Heimeteneste
Volda
16 jobs in Volda — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Ledig fast stilling – 55% reinhaldar/pleiemedarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar

Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast stilling på 55% som reinhaldar/pleiemedarbeidar.
Fjordsyn omsorgsbustad er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.
👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget! 

ArbeidsoppgåverI stillinga inngår det 40% praktisk bistand og 15% som pleiemedarbeidar. Stillinga har for tida dagtid i vekene og dag/kveld kvar andre helg.

Du vil ha ansvar for reinhald av fellesareal og bebuarane sine leiligheiter ved omsorgsbustaden. Som reinhaldar skal du sikre at lokala er reine, trivelege og presentable, og bidra til gode hygieniske forhold for både bebuarar og tilsette. Arbeidet omfattar mellom anna støvsuging, mopping og anna nødvendig reingjering for å sikre gode bu- og arbeidsforhold.
Som tilsett vil du møte brukarar med ulike behov. Du observerer og dokumenterer brukaren sin tilstand, og samarbeider med helsepersonell om å iverksette og følgje opp nødvendige tiltak. Pleie- og praktiske oppgåver vert utført etter tiltaksplan for kvar bebuar, og kan omfatte personleg pleie, forflytning, måltidssituasjonar og andre daglege gjeremål.
Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og å gi bebuarane ein god og meiningsfylt kvardag. Kvar tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø.

KvalifikasjonarErfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagtBeherske norsk flytande godt både munnleg og skriftleg.Ha ha alminnelege datakunnskaperHa ha gode evner i kommunikasjon og samarbeidMå kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest ikkje eldre enn 3 månadarVi legg vekt på gode grunnleggande fagkunnskaper inkludert god observasjonsevnePersonlege eigenskaparVi vektlegg gode personlege egenskaper og evna til å samarbeide på tvers av faggrupper til bebuarane sitt beste. Vi ynskjer medarbeidarar som:Ser nye moglegheiter og bidreg til at arbeidsplassen utviklar segLiker utfordringar og trivast med å arbeide sjølvstendigLikar å arbeide med eldreHar evnen til å bevare roa og finne dei gode løysinganeTek initiativ og ansvarEr fleksibel og har lett for å omstille segHar godt humør og bidreg positivt med gode haldningar inn i personalgruppaHar gode evner til samarbeid og kommunikasjon med kolleger, pasienter og pårørendePersonlege eigenskapar vert avgjerande ved tilsetjingVi tilbyrLønn etter gjeldande tariffSjølvstendig og variert arbeidGod opplæring , rettleiing og støtte slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitetEit inkluderande og godt arbeidsmiljøTilgang på elæringskurs frå Visma GlupHøve til fagleg og personleg utvikling
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

KontaktinformasjonLill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27

Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521

ArbeidsstadSevrinhaugen 4

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5139929238

Stillingsprosent: 55%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
16
jobs in Volda
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Volda kommune, Heimeteneste

2 open positions · Volda

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Volda?
Currently 16 roles in Volda on AlmostHired, across 5 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.