Kulturskulelærar fløyte m/ ev utøving fast deltid 30-35%
Time kulturskule skal tilsette ny kulturskulelærar i fløyte. Undervisningsstillinga innehar ev. ein liten utøvande del og utgjer til saman fast tilsetting i 30-35 %. Endeleg stillingsprosent avklarast ut frå gjeldande behov og kompetanse til ulike arbeidsoppgåver.
Arbeidsinnhald er undervisning av fløyteelevar i ulik alder, frå nybegynnar til fordjupingsnivå og akustisk samspel etter behov. Ev. utøvande del av stillinga utgjer 5 % konsertering for den kulturelle spaserstokken i Time og andre oppdrag i ensembelet Trio Triol.
Me søkjer deg som vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule.
Time kulturskule har 20 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Skulekorpsa er del av musikktilbodet. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Vi har regionalt nettverk og samarbeid med kulturskular i nabokommunane. Fløytelærar er del av samarbeidande team seksjon for blås/stryk.
Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er tilbod om desentralisert undervisning på krinsskulane for nokre fag. Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvalter eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr tilpassa opplæring av høg kvalitet. Elevane skal vera del av eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattformen har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av fem definerte område "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt".
Kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Vi arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune".
ArbeidsoppgåverVår nye fløytelærar/fløytist skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie som inneber både fagleg og kollegialt fellesskap. Me ønskjer at du:
Beherskar både klassisk tradisjon og populærmusikalsk/rytmisk genre i undervisningssamanheng og utøvingHar kompetanse til å tilpasse undervisning for elevar i ulik alder og på ulikt nivå, frå yngre nybegynnarar til vidarekomne ungdommar innan fordjupingKan undervise både enkeltvis, i samspel/smågrupperEr fleksibel til å kunne delta med supplerande undervisningsopplegg i tverrfagleg prosjektarbeid
Deltek aktivt i kulturskulen si personalgruppe både fagleg og kollegialtDeltek aktivt i kollegasamarbeid i kulturskulen sin blåse- og strykeseksjonUnderviser i samsvar med "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og lokal fagplan, utarbeider årsplan for eigne elevarArbeider for kvalitet, mangfald, inkludering og samhandlingArbeider etter felles nedfelt visjon, målsetting og verdiplakatKvalifikasjonarTime kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskjeleg at vår nye fløytelærar/fløytist har følgjande kvalifikasjonar:
Høgskule/universitetsutdanning med musikk som fagområde, fløyte som hovudinstrument, bachelor- eller masternivå m/integrert- el. tilleggsutdanning innan pedagogikk/metodikk/PPUGod kompetanse som utøvande fløytist og kammermusikar, meistrar ulike genre og har erfaring med musikkformidling til ulike publikumsgrupperHar erfaring frå undervisning i kulturskule, eller anna relevant undervisningspraksisBeherskar undervisning på ulike nivå og har erfaring med samspelundervisning, ev kjennskap til skulekorpsEvner å by på deg sjølv og samarbeide i eit tverrfagleg kollegafellesskapGod munnleg og skriftleg norsk-kompetanse, minimum B1-nivåEv. utdanning frå utlandet må vera HKdir-godkjend (ev. tidlegare godkjenning frå NOKUT) Du må laste opp relevante vitnemål og arbeidsattestar.
Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen.
Personlege eigenskaparTime kulturskule søkjer deg:
Som har gode kunstnariske og pedagogiske ferdigheiterSom kan legga til rette for god læring og meistringSom trivst i lag med barn og ungdom og er miljøskapandeSom med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev individuelt og i gruppesamanheng
Som er samhandlande og samtidig tek ansvar for sjølvstendige arbeidsoppgåverSom har gode samarbeidsevner og kan bidra positivt i eit kollegialt jobbfellesskapSom er nysgjerrig og interessert, evner å ta initiativ, engasjere deg, kjem med innspel og bidreg til utvikling og nyskapingDet krevst god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
Me tilbyrEit allsidig, triveleg og levande arbeidsmiljøKollegafellesskap med høgt kvalifiserde lærarar innan ulike kunstnariske fag
Kollegaer og arbeidsfellesskap som er opptekne av å finna gode løysingar og å gjera kvarandre godeAktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for både elevar og lærararVariert og allsidig arbeidsinnhaldLønn etter gjeldande tariff og avtaleverk for kulturskulelærararGode pensjonsordningar
Lovkrav om gyldig politiattest etter opplæringslova § 17-11 jf politiregissterlova §39 fyrste ledd, denne må framleggast før tiltreding.
KontaktinformasjonGuri Årsvoll, Rektor, 47301209, guri.aarsvoll@time.kommune.no
ArbeidsstadOla Barkveds veg 16
4340 BRYNE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5137866175
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗