via nav · 3 June 2026 ·3 days ago

Familierettleiar

Barnevern, Time kommune
Bryne Full-time
13 jobs in Bryne — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Barneverntenesta i Time har ledig ein 100 % fast stilling som familierettleiar i tiltaksavdelinga.

Barneverntenesta i Time har til saman 26 stillingar og held til i Time rådhus. Tenesta er organisert i tre einingar: Team MUO (mottak, undersøking og oppfølging), Team omsorg og ei felles tiltaksavdeling for kommunane Time, Klepp og Hå.

Tiltaksavdelinga arbeider med frivillige hjelpetiltak i tråd med barnevernlova § 3-1. Dette omfattar endrings- og rettleiingsarbeid retta mot barn, ungdom og familiar, samt rettleiing av fosterheimar i dei samarbeidande kommunane. Avdelinga består av 10 stillingar – ni familierettleiarar og ein avdelingsleiar – og har eit sterkt fagmiljø med brei erfaring innan helse-, sosial- og pedagogiske fag.

Me legg vekt på å utvikle gode, heilskaplege tenester rundt barn og familiar, og har fokus på kvalitet, fagleg styrke og ein raus kultur, både internt og i arbeidet vårt ut mot barn, ungdom, foreldre og fosterforeldre

Barneverntenesta i Time søkjer ein medarbeidar som vil vere med og utvikle ei teneste med visjonen:
«Alle barn og unge har lyst på livet og evne til å meistre det».

Dette lever me ut gjennom vår felles leveregel:
«Me gjer kvarandre gode, og me gjer det i lag».

ArbeidsoppgåverUtføre miljøterapeutisk arbeid, miljøarbeid og rettleiing retta mot barn, ungdom, foreldre og fosterforeldre, etter tilvising frå barnevernstenesta sine øvrige team i dei samarbeidande kommunane.Planleggje, leie og gjennomføre målretta endringsprosessar i familiar og fosterheimar, inkludert å motivere for hjelp og endring.Bidra til å utforme mål og tiltak i samarbeid med barn, ungdom, foreldre, fosterforeldre og kollegaer.Vurdere ressursar og utfordringar hos barn, ungdom og i familiar gjennom systematisk evaluering av tiltak.Styrkje foreldra og fosterforeldra si omsorgskompetanse gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid, miljøarbeid, rettleiing og praktisk støtte.Samhandle med andre tenester og samarbeidspartnarar for heilskapleg oppfølging av barn, ungdom, familiar og fosterheimar.Dokumentere og journalføre arbeidet i tråd med lovverk, rutinar og retningsliner.Delta i fagutvikling, erfaringsdeling og kvalitetsforbetring i barnevernstenesta.Vitne i ulike rettsinstansar ift. arbeidsoppgåva.KvalifikasjonarKrav om 3-årig bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller annan relevant utdanning.Ønskeleg med relevant vidareutdanning i rettleiing, det er ønskeleg med familieterapi.Ønskeleg med sertifisering i metodiske rettleiingsprogram som; MarteMeo, PMTO, DUÅ, COS-P, iiP, rePULSE.Erfaring frå barnevernfagleg arbeid blir vektlagt.Førarkort klasse B (manuell gir).Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil verta vektlagt i tilsettingsprosessen.Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskaparDu er opptatt av barnets stemme og brukarmedverknad.Du har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og verdset samarbeid med barn og familiar.Du har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet.Du har evne til refleksjon, evne til å motivera andre og skapa endring.Du er kreativ, fleksibel, nytenkande og oppteken av endring og utvikling.Du er raus og har evne til å bruke humor i arbeidet.Du bidreg til godt og trygt arbeidsmiljø.For å komma familiane i møte på deira behov må den som vert tilsett væra fleksibel i arbeidsdagen/-veka. Det må reknast med noko ettermiddag- og kveldsarbeid, inntil to kveldar per veke, innanfor fleksitida (37,5 timars veke), med avtale om fleksitid arbeidstid.

Me tilbyrEi spennande og utfordrande stilling i eit fagfelt i utvikling.Engasjerte og dyktige kollegaer.Godt arbeidsmiljø.Gode pensjonsordningar i KLP.Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 0900 – 1400.Lønn etter tariff.Det er lovkrav om at politiattest må registreres før første arbeidsdag tar til.

KontaktinformasjonBeate Dyskeland, Barnevernleiar, 91318291, beate.dyskeland@time.kommune.no
Åshild Bjørnevoll, Avdelingsleder, 47513916, Ashild.Dagmar.Hanssen.Bjornevoll@time.kommune.no

ArbeidsstadArne Garborgs veg 30
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5139818717
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
13
jobs in Bryne
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bryne?
Currently 13 roles in Bryne on AlmostHired, across 4 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.