via nav · 2 June 2026 ·4 days ago

Byggesaksbehandlar

Plan og forvaltning, Time kommune, Samfunn og kultur
Bryne
13 jobs in Bryne — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere med å forme framtidas Time – og score vedtak som ein meister?
Time kommune er ein av regionens mest spennande vekstkommunar, med høg utviklingstakt, sterke fagmiljø og eit tydeleg mål om gode tenester til innbyggjarane. Her jobbar vi tett på både menneske og samfunnsutvikling, og du får ein arbeidskvardag der innsatsen din gjer ein forskjell kvar einaste dag.
I byggesaksavdelinga er vi ein fagleg sterk og engasjert gjeng som jobbar med alt frå mindre tiltak til komplekse byggesaker. Vi samarbeider tett med innbyggjarar, utbyggjarar og kollegaer på tvers av fag, og er opptekne av kvalitet, effektivitet og gode løysingar.

ArbeidsoppgåverKva går jobben ut på?
Som byggesaksbehandlar vil du få ei sentral rolle i kommunen si samfunnsutvikling. Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna:

Saksbehandling etter plan- og bygningslovaBehandling av byggesøknader,. Alt frå enklare tiltak til meir komplekse prosjektFølgje opp tilsyn og ulovlege forhold, og sørgje for at plan- og bygningslova blir etterlevd i praksis gjennom systematisk tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltakFrådeling, matrikkelføring, seksjonering.Rettleiing og dialog med innbyggjarar, utbyggjarar, konsulentar og entreprenørarTverrfagleg samarbeid med andre fagområde i kommunenVurdering av tekniske krav, mellom anna innan konstruksjon og brannsikkerheitBidra til effektiv og god framdrift i byggesaksprosessarDelta i utvikling og forbetring av rutinar og digitale løysingar 

Hos oss jobber du både sjølvstendig og i team, og du får høve til å påverke korleis vi løyser oppgåvene framover.

No ser vi etter deg som vil vere med på laget – ein som kan «score vedtak» med same presisjon, gjennomføringsevne og tryggleik som Erling Braut Haaland scorar mål. Er du klar til å score ditt neste vedtak? 

KvalifikasjonarVi er opptekne av kompetansen din, men også av kven du er og kva du kan bidra med. Difor er vi opne for kandidatar med ulik fagleg bakgrunn, til dømes innan:

ArealplanleggingArkitekturIngeniørfag (Fortrinnsvis byggrelatert). JusDu bør ha relevant utdanning på bachelor- eller masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglende utdanning. 

Erfaring frå offentleg sektor eller frå arbeid med byggesøknader (til dømes som søkjar) vil vere ein fordel. Erfaring eller kompetanse med kart, matrikkelføring, geodata, digitaliseringsarbeid er og relevant. 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar segPersonleg eignaheit vil verta vektlagt. Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessenVi tilbyrGode pensjonsordningar Løn etter avtaleEin spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling 

KontaktinformasjonSvein Harald Dyngen, Avdelingsleder plan og forvaltning, svein.harald.dyngen@time.kommune.no

ArbeidsstadArne Garborgs veg 30

4340 BRYNE

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5138574663

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.09.2026

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 17.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
13
jobs in Bryne
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Bryne?
Currently 13 roles in Bryne on AlmostHired, across 4 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.