Assisterande styrar
Trollongane barnehage har ledig eit vikariat på 80% som assisterande styrar i perioden 20.08.26 - 31.07.207.
Me er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter og har omlag 24 årsverk som gir et godt pedagogisk tilbod til 95 barn. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
Time kommune har ambisjonar om å tilby barnehagar med høg kvalitet der barn opplever tryggleik, trivsel og utvikling. Me arbeider systematisk med kvalitet, inkludering og tidleg innsats i heile oppvekstløpet.
ArbeidsoppgåverSom assisterande styrar blir du ein del av leiarteamet i barnehagen og får ei sentral rolle i både drift og utvikling. Du vil ha medansvar for personal, økonomi og fagleg utvikling, og bidra til at barnehagen blir driven i tråd med lover, forskrifter og kommunale føringar.
Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon med høg kvalitet Ha medansvar for personaloppfølging, inkludert rettleiing, medarbeidarutvikling og arbeidsmiljø Medverke til god ressursstyring Styrke arbeidet med inkluderande praksis og tidleg innsats Bidra til godt samarbeid med føresette og relevante samarbeidspartnarar Delta i utviklingsarbeid på tvers av oppvekstområdet i kommunen KvalifikasjonarUtdanning som barnehagelæraDet blir lagt vekt på relevant leiarerfaring/leiarutdanningGod forståing for barnehagen sin rolle i det heilskaplege oppvekstløpet God skriftleg og munnleg framstilling på norsk God digital kompetanse Personleg eigenskapar vil bli vektlagt Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerEvne til å skape oppslutning om felles utviklingslinjer. Barnehagen har et bredt tilbod og oppgåvene til assisterande styrar er varierte, og det krevst at ein er fleksibel, sjølvstendig, strukturert og målretta Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator Me tilbyrEin utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter som leiar av eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av eit spanande leiarnettverk. Som assisterande styrar får du ta del i prosjekt på eit tidleg tidspunkt og kan vera med å utvikla barnehagesektoren i Time.
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utviklingStøtte og rettleiing i leiarrollaGode pensjonsordningar Løn etter tariff
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonTor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156
ArbeidsstadKjeldevegen 1
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5136588644
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 20.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 17.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗