via nav · 1 June 2026 ·5 days ago

Fagarbeidar

Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling
Volda Full-time
16 jobs in Volda — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vi treng deg som vil vere med på å gjere Volda kommune til ein god stad å bu. I avdeling Veg og Park i Volda kommune er vi stolte av ein organisasjon som er prega av åpenheit, utvikling og samhald. Vi legg vekt på at du skal trivast og oppleve oss som både spanande, trygge og utfordrande i din kvardag. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, veglys, hamner, kyrkjegardar, kaier og ute-områder. Vi set samarbeid med andre avdelingar i kommunen høgt og har tydeleg fokus på innbyggarane og kven vi er til for.

ArbeidsoppgåverHovudarbeidsområdet er innanfor veg og anlegg, samt aktivitet avdelinga har ansvar for.Drift av vegar, kaier, veglys og utanomhusområder er hovudoppgåver lagt til stillinga.Avdelinga har eit breidt ansvar og fagområde, der også vintervedlikehald er ein del av oppgåvene.Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver.Avdelinga yter tenester til alle innbyggarar i kommunen og er med på å gjere kvardagen for oss betre.Stillinga tek del i beredskap og brøytevakt.Frammøtestad er Myrtun (Rotsetstranda 18)  i Volda sentrum.KvalifikasjonarPrimært ønskjer vi søkjarar med fagbrev, men god og relevant erfaring med tilsvarande arbeid vil vere med å vege opp.Førarkort klasse BE, C og for anleggsmaskiner er naudsynt.Erfaring med ulike anleggsmaskiner og spesielt gravemaskin vert vektlagt. Språkkunnskap (Norsk) er naudsynt.Personlege eigenskaparDu er fleksibel, lojal, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskap.Vi legg stor vekt på at du har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre. Er sjølvstendig i arbeidet, men også trivest godt i samarbeid med andre.For oss er det viktig at du bidreg positivt til vårt arbeidsmiljø og tek i vare både kolleger og innbyggarar.Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering. Vi oppmodar både kvinner og menn som er kvalifiserte til å søkje på stillinga.Vi tilbyrEit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og kort veg mellom medarbeidar og leiar. Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. God offentleg pensjonsordning i KLP.Tilsetjing snarast råd.KontaktinformasjonEdvin Løfoll, Avdelingsleiar veg/park, +47 91 85 25 43

Øyvind Seljeset, Seksjonsleiar, 45251760

ArbeidsstadRotsetstranda 18

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5126646587

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
16
jobs in Volda
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Volda?
Currently 16 roles in Volda on AlmostHired, across 5 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.