Ynskjer du deg ein spanande leiarjobb med faglege utfordringar, og moglegheit for utvikling?
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.
Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.
Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.
Me søkjer no etter avdelingsleiar ved Lærdal bu og omsorgsheim.
I tillegg til det faglege ansvaret for avdelinga vil du også ha ansvar for personale og økonomi.
Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 22 plassar, 4 korttids - og 18 langtids plassar. I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, koordinator, sakshandsamarar, demenskoordinator og aktivitetstove, der det yrer av aktivitet og liv.
Faglege kvalifikasjonar:
Autorisasjon som sjukepleier eller vernepleier, gjerne med etterutdanning innan leiingFørarkort klasse BGyldig politiattestGode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Dine oppgåver vil være:
Personalansvar for dine tilsett i avdelinga, ca.30 tilsette.Dagleg bemanningsplanlegging saman med merkantil ressursDelta i turnusarbeid for di avdelingLeie avdelingsmøter/ brukarmøterDelta på tildelingsmøter i Pleie og omsorgTett samarbeid med anna avdeling kring innkomst/ overføringMøter med fastlege og spesialisthelsetenestaBudsjettarbeid, utarbeiding og oppfølgingBidra til godt samarbeid mellom einingane og andre samarbeidspartar Er dette deg?
Evne og lyst til å leie andreLøysningsorientert, strukturert og evne til å ta avgjerslerFleksibel og god på samhandling - finn den beste løysingaPersonlege eigenskapar vert vekta Hjå oss får du:
Godt arbeidsmiljø med flotte kollegaerFagleg utviklingMoglegheit for vidareutdanning med økonomisk støtteStøttande leiing Me tilbyr:
Løn etter avtaleGode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Full barnehagedekningGratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasseGratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrumEit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygdaLes meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗