Bioingeniør - fast stilling
Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank ved Lærdal sjukehus søkjer bioingeniør i 100% fast vaktgåande stilling. Oppstart etter avtale.
Vi søkjer deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier.
Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogeleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. Det blir gitt grundig opplæring i alle fagfelt før ein startar i turnus.
Det blir gjeve støtte til bustad på kr 75 000.- . Dette utløyser bindingstid på 1 år.
Løn etter avtale.
Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à kr 25 000,-.
Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.
Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.
I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige.
Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.
ArbeidsoppgåverLaboratoriearbeid etter godkjente prosedyrarRullering innanfor klinisk-kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, transfusjonsmedisin, blodprøvetaking.Turnus, med arbeid kvar fjerde helgKvalifikasjonarBachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.Gode IT-kunnskaparGode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskaparGode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendigFagleg engasjementInitiativrikVi tilbyrLøn etter avtaleLærdal Sjukehus har nyoppussa leilegheiter.Det blir gjeve stønad til bustad à kr 75 000.- mot 1 års bindingstid.Gode pensjons- og forsikringsordningarVariert arbeid og godt fagmiljøGodt arbeidsmiljøVi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020
ArbeidsstadSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5141835062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗