via nav · 8 June 2026 ·5 days ago

Fagbioingeniør med fagområde hematologi, koagulasjon og urinar

LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Lærdal Full-time
6 jobs in Lærdal — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling som fagbioingeniør, med ansvar innan fagområda hematologi, koagulasjon og urinar. Oppstart etter avtale.

Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, kvalitetssystem for analyseinstrumenta Sysmex, StarMax, og andre mindre instrument i  fagfeltet. Stillinga rapporterer fagleg til overbioingeniør, medan seksjonsleiar er administrativ overordna. Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs. Laboratoriet har eit tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus). 

Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter på kveld/natt, helg. Ved tilsetjing blir det gjeve grundig opplæring innan alle fagfelt. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. 

Det blir gjeve støtte til bustad på kr 75 000.- . Dette utløyser bindingstid på 1 år. 
Løn etter avtale.
Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à kr 25 000,-.

 

Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.

Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko. 

Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.

ArbeidsoppgåverLaboratoriearbeid etter godkjende prosedyrerVedlikehald og oppfølging av analyseutstyrOpplæringDeltaking i prosedyreskrivingHalde seg oppdatert i fagetFagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør innanfor det same fagfeltet. 

KvalifikasjonarBachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenningGode IT-kunnskaparGode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegDet er fordel med erfaring innanfor det aktuelle fagfeltetPersonlege eigenskaparGode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendigGode språklege kunnskapar, både munnleg og skriftlegFagleg engagementInitiativrik Vi tilbyrLøn etter avtaleHusvære. Lærdal sjukehus har flotte nyoppussa  leilegheiter å tilby. Bustønad à 75 000.- med bindingstid 1 årGode pensjons- og forsikringsordningarVariert arbeid og godt fagmiljøGodt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonKari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020

ArbeidsstadSjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5141840705

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Lærdal
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde

2 open positions · Lærdal

📊 Job market · Norway
5,950
active jobs
2.6%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Lærdal?
Currently 6 roles in Lærdal on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.