Vil du bli ein viktig lagspelar for unge i Alver?
Som ungdomsrettleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med Ungdomsgarantien, der målet er at ingen unge skal falle utanfor. Vi ser etter deg som brenn for å støtte unge menneske på vegen mot arbeid, utdanning og meistring.
Du vil jobbe heilskapleg og tverrfagleg med ungdom som er i ein avklaringsprosess. Ungdommen er sjølv førar i eige liv, og du blir deira faste kontaktperson og viktigaste støttespelar i møte med Nav. Du følgjer dei frå kartlegging og motivasjon til dei står støtt i arbeid eller utdanning.
Nav Nordhordland har om lag 120 tilsette fordelte på fire kontor, og gir tenester til innbyggjarar i ni kommunar. Stillinga har arbeidsstad ved Nav Alver i Knarvik, men som del av det regionale ungdomsteamet må du rekne med oppgåver på tvers av regionen og noko reising. Nav Alver er eit utviklingsorientert kontor med rundt 80 medarbeidarar og eit sterkt fagmiljø. Vi har eit eige team som arbeider med unge under 30 år.
Kva går jobben ut på?arbeide i tråd med Ungdomsgarantien: Du fungerer som ungdommen sin faste kontaktperson og sikrar eit koordinert tilbod der ungdommen si stemme og medverknad står sentralt. Mange av ungdommane du føl opp, er i ein avklaringsprosess mot arbeid eller utdanning.sikre framdrift og utvikling: Du ser potensialet der andre ser hindringar, er løysingsorientert og strukturert, og vert motivert av å oppnå resultat – også når vegen mot arbeid krev tid.vere ein offensiv døråpnar: Du jobbar aktivt ut mot arbeidsmarknaden og samarbeider tett med arbeidsgjevarar for å skape konkrete jobbmoglegheiter for unge.vere bindeledd og brobyggjar: Du samarbeider tett med arbeidsgjevarar, skule, barnevern, helsevesen og kommunale tenester for å skape ein heilskapleg veg mot arbeid og meistring.utøve god saksbehandling: Du sikrar ungdommen sine rettar gjennom solid saksbehandling forankra i lovverket. Du sikrar framgang i eiga portefølje gjennom grundig kartlegging og målretta oppfølging.bidra til eit sterkt fagmiljø: Du er ein lagspelar som deler erfaringar og god praksis gjennom refleksjon og samarbeid på tvers av fagområde.handtere endring og tempo: Du trivst i eit miljø med høgt tempo og er fleksibel med tanke på at både rolla og oppgåvene utviklar seg i takt med samfunnet sine behov.Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.erfaring med rettleiing og relasjonsbygginggod skriftleg og munnleg framstillingsevne på norskgode IT-kunnskapar og evne til å setje deg raskt inn i nye fagsystemførarkort kl. B – slik at du kjem deg rundt til ungdommen, bedrifter og tiltaksarrangørar
Det er ein fordel om du har
erfaring med ungdom som målgruppekompetanse eller erfaring innan karriererettleiing, arbeidsinkludering, helse eller jusskunnskap om arbeidsmarknaden, utdanningsfeltet eller erfaring med tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging Kva vi ser etter hos deg?sterk på relasjonar: Du har evne til å skape tillit hos ungdom i krevjande livssituasjonar og forstår at endring tek tid.robust: Du står støtt og beheld ro og profesjonalitet i utfordrande situasjonarløysingsorientert med gjennomføringskraft: Du ser mogelegheiter der systemet stoppar opp og gjev ikkje opp når du møter hindringar.sjølvstendig og strukturert: Du evner å organisere ein hektisk kvardag, arbeider sjølvstendig, held oversikt og tek ansvar for eigne oppgåver.Kvifor velje oss?bli ein del av eit kompetent og engasjert team som jobbar målretta med arbeidsinkludering og kontinuerleg utviklar nye metodar for å lukkast.gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom faglege samlingar, kurs og tett samarbeid på tvers av fagfelt. stor grad av fleksibilitet og moglegheit til å forme eigen arbeidskvardag innanfor gjeldande rammer og retningslinjer.fokus på helse og trivsel, mellom anna med éin time trening i arbeidstida per veke.tilsetjing som rådgivar (stillingskode 1434) med lønsspenn frå kr 622 000 til kr 640 000 per år. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonKaren Sofie Aasmyr, Teamleiar ungdom Nav Alver, 900 13 845
ArbeidsstedKvernhushaugane 2
5914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5129791828
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗