Alver Frivilligsentralar - vikariat 100%
Om stillinga og Alver FrivilligsentralarMe har ledig eit vikariat i Alver Frivilligsentralar.
Hovudoppgåvene til stillinga er knytt til drifta av dei tre frivilligsentralane Manger, Knarvik og Frekhaug, i samarbeid med dei øvrige tilsette i eininga. Dette inneber oppfølging av lokal frivilligheit, utvikling av lokale møteplassar, halde kurs for lag og organisasjonar og vere rådgjevande part for lokalt organisasjonsliv. Frivilligsentralane har også tett samarbeid med fleire andre tenesteområde i kommunen og arbeider med utvikling av tverrfagleg samarbeid basert på frivilligheit.
I tillegg til drift av frivilligsentralane i kommunen har eininga eit betydeleg integreringsarbeid og driv mellom anna Språkverkstaden. Språkverkstaden driftast i samarbeid med NAV og frivillige er ein del av introduksjonsprogrammet til nyankomne flyktningar.
Vi tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag, som gjev deg moglegheit til å arbeide sjølvstendig og i direkte kontakt med andre menneske. Du får vere med å utvikle nye tilbod og tilpasse desse til målgruppa, lokal frivilligheit og våre lokalsamfunn.
Oppstart er 10.august og gjeldt ut juni 2027. Stillinga er organisert i tenesteområde kultur og eining for frivilligheit.
ArbeidsoppgåverAdministrere og drifte dei tre frivilligsentralane i Alver i samarbeid med øvrige tilsette. Oppfølging av lokale frivillige organisasjonarSøknadsskrivingHalde kurs for frivillige lag og organisasjonar Utvikle nye samarbeid og møteplassar Prosjektleiing og støtte for lokal frivilligheitDrifte nettsida 'Kva skjer i Alver' via InVi-systemet. Bidra i integreringsarbeidet til einingaBidra i utvikling og oppfølging av lokal frivilligpolitikk.
KompetansekravBachelor eller høgare utdanning innan frivilligheitsfeltet.Kompetanse og erfaring med drift av frivilligsentralarKompetanse på arbeid med frivilligheitspolitikk. Kjennskap til InVi-systemetErfaring med søknadsskriving Erfaring med integreringsarbeidFørarkort kl. B
Personlege eigenskaparLøysingsorintert og fleksibelTrivast med å møte nye menneske og likar ein hektisk arbeidskvardagImøtekomande og open i møte med andreTrivast med ein variert arbeidskvardag og er handlekraftig når uforutsette utfordringar dukkar oppPersonleg egnaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyrGode moglegheiter for fagleg og personleg utviklingHøve til å utvikle og prøve ut nye ideer og prosjektGodt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaerLønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverkPensjonsordning gjennom KLP
This listing is from nav. View original listing ↗