Psykologspesialist/psykolog
Ved BUP Nordhordland er det ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Det blir søkt etter spesialist i klinisk psykologi for barn og unge, men psykologar kan også søke. Stillinga er ledig frå 19.08.26.
BUP Nordhordland held til i Knarvik og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8000 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til utredning og individuell terapi legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både barn og foreldra deira. Vi ligg naturskjønt til, og ein del av behandlinga kan også vere arenafleksibel.
Vi er ein poliklinikk med 20 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinetenesta og andre relevante etatar. Vi held til i flotte lokale i Region Nordhordland Helsehus, og er samlokalisert med mellom andre Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, fleire andre seksjonar frå Helse Bergen og mange kommunale instansar. I det seks etasjar høge huset ligg alt til rette for mykje godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Vi ligg plassert ca 30 minuttar frå Bergen sentrum, og det går ekspressbuss 4 gonger i timen i rushtida. Det går og snøggbåt frå Strandkaien som tar deg like til oss på Knarvik. Det er ein flott tur og ein god start på dagen.
Kven treng vi? Vi ser etter deg som er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig. Og ikkje minst ser vi vi etter deg som klarar å skape ein god terapeutisk relasjon med barn, unge og foreldra deira i vanskelege periodar i liva deira.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
ArbeidsoppgåverUtgreiing og behandling av barn og unge Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, foreldrerettleiing, gruppebehandling)Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, helsesjukepleiar, barnerverntenester og barnehagarSamarbeid med kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenestaDet blir forventa at spesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialiseringKvalifikasjonarGodkjend autorisasjon som psykolog i NoregGod erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og ungeDet vil bli lagt vekt på erfaring og kompetanse som er i samsvar med poliklinikkens strategi og kompetanseplanErfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og foreldrerettleiingErfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Personlege eigenskaparErfaring frå og eit ønske om å jobbe i eit tverrfagleg teamEvne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturertErfaring frå førstelineteneste er ein fordel ettersom stillinga krev høg grad av samarbeid med kommunale instansarEvne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar Opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljøGode kommunikasjonseevnerMå trivast i eit aktivt og travelt miljø, og ha god arbeidskapasitetDu er ein triveleg og god kollega som bidrar til takhøgde og raushet Du er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevilligDu er profesjonell i din framferd og bevisst ansvaret som ligg til rolla Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskaparVi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Rekrutteringstillegg Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå og meiningsfulle arbeidsoppgåverFagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMonica Sture, Seksjonsleiar, +4799027253, monica.sture@helse-bergen.no
ArbeidsstadKvassnesvegen 40
5914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5137972767
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗