via nav · 2 June 2026 ·4 days ago

Kyrkjelydspedagog

Ålesund kyrkjelege fellesråd
Ålesund Full-time
65 more jobs in Ålesund.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim, folketalet i kommunen er på omlag 56 000 innbyggjarar. Byen har eit godt utbygd skuletilbod og har universitet (NTNU), fleire grunnskular, to vidaregåande skular, to folkehøgskular og to private kristne ungdomsskular. I kommunen ligg også Ålesund sjukehus. Vigra lufthamn som ligg ca 20 minutt unna både Borgund og Ellingsøy, har flysamband til resten av Norge og til utlandet.

Borgund sokn har ca. 5.200 medlemmar. Borgund kyrkje ligg vakkert til i eit populært friluftsområde nær Sunnmøre Museum.  Kyrkjelydshus med kontorlokale og eigen barnehage, ligg like ved kyrkja. Kyrkjelyden har dagleg leiar, sokneprest, kantor, kyrkjetenar, diakon, kateket/ungdomsprest og kyrkjelydspedagog.

Ellingsøy sokn har ca. 2.000 medlemmer. Ellingsøy kyrkje ligg landleg plassert ved sjøen og er ei moderne arbeidskyrkje med forsamlingslokale og kontor for tilsette i bygget. Kyrkjelyden har sokneprest, kantor, kyrkjetenar, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.

Sokna har felles dagleg leiar, diakon, kateket/ungdomsprest og kyrkjelydspedagog.

Kyrkjelydane har gode tilbod til born og unge. Pr i dag har vi blant anna babysang, småbarnsang, barnekor, ungdomskafé og konfirmantarbeid.

Gjennom året er det også ei rekke arrangement som Lysvåken, Tårnagentar, 6-årsfest, 4-årsbok, kyrkjeleir og karnevalsgudsteneste.

Stillinga som kyrkjelydspedagog er fordelt Borgund sokn 75% og Ellingsøy sokn 25%.

Stillinga er ledig frå 1. september.

Meir informasjon om kyrkjelydane finn du på heimesidene våre:  www.ellingsøy.kyrkjelyd.no og www.borgund.menighet.no

ArbeidsoppgåverOrganisere og delta i trusopplæring for born og unge i samsvar med utarbeide planar og prioriteringar.
Delta i gudstenesteliv, særleg med tilrettelegging for barnefamiliar.
Planlegge og gjennomføre enkelttiltak saman med tilsette og frivillige medarbeidarar.
Følgje opp frivillige medarbeidarar.KvalifikasjonarMinimum 3-årig høgare utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk.
Relevant erfaring kan til en viss grad erstatte manglande utdanning.
Erfaring frå arbeid med born og unge.
Kan bruke dataverktøy som arbeidsreiskap.
Medlemskap i Den norske kyrkja. Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.Personlege eigenskaparTrivst i lag med, og har evne til å formidle kristen tru til born og unge.
Evne til å bruke ulike formidlingsformer og vere kreativ.
Evne til å arbeide i team og samarbeide godt med andre.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Trygg i møte med barn og unge.

Anna
For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyrArbeidsfellesskap med dyktige medarbeidarar og eit godt tverrfagleg samarbeid.
Meiningsfull stilling der ein får være med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet.
For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen.
KontaktinformasjonKristin Smehus, Dagleg leiar, 945 32 479

Mariann Stensøe, Kyrkjelydspedagog , 945 32 477

ArbeidsstadBorgundgavlen 51

6015 Ålesund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5139380783

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
65
jobs in Ålesund
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ålesund?
Currently 65 roles in Ålesund on AlmostHired, across 21 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.