Spesialsjukepleiar
Dagkirurgen ved Ålesund sjukehus har ledig ei 100% fast stilling for spesialsjukepleiar med relevant vidareutdanning.
Dagkirurgi Ålesund er ei operasjonsavdeling med 6 operasjonsstover og eige overvakigslokalar. I tillegg har vi Dagkirurgi Aust med 3 operasjonsstover med behandlingar i lokal anestesi, 5 behandlingsrom og venterom. Dagkirurgi Aust er under oppbygging og vi ønskjer å ha deg med på laget som kan vere med og utvikle dette vidare. Fagområda totalt sett på Dagkirurgi Ålesund er ortopedi, kirurgi, øyre-nase-hals, gynekologi, auge, tann- og kjevekirurgi og medisinske undersøkingar med meir.
Arbeidstida er på dagtid og vi er stengt i helgar og høgtider. Dagkirurgi Ålesund held til i lyse og trivelege lokale. Vi har eit tverrfagleg arbeidsmiljø som samarbeider godt til det beste for pasientane.
ArbeidsoppgåverStillinga er ein kombinasjon med pasientretta arbeid på DK Aust og postoperativ eining på DK, her spesielt med tanke på barn.På DK Aust vil ein få opplæring i å assistere og leggje tilrette for mindre inngrep i lokal anestesi.I postoperativ avdeling tek vi imot pasientane, klargjer til behandling og overvåker dei før heimreise.KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarSpesialsjukepleiar med relevant vidareutdanningVi søkjer etter spesialsjukepleiarar med minimum 2 års erfaring, og relevant erfaring frå dagkirurgisk drift vil bli særskilt vektlagt.Det er ønskeleg med erfaring med barn i eit dagkirurgisk forløp, då om lag 20 % av våre pasientar er born.
Må kommunisere svært godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskaparVi søkjer ein person som er fagleg engasjert, sjølvstendig og ansvarsbevisstMå trivast i eit aktivt og travelt miljøFleksibel og løysingsorientertStrukturertGode samarbeidsevnerBidra til eit godt arbeidsmiljøPersonleg eignaheit vert særs vektlagt ved tilsettingVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplassDagtidLøn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
KontaktinformasjonGunn Bente Solevåg, Seksjonsleiar, +47 70 10 54 11, Gunn.Bente.Solevag@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5075581530
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗