via nav · 4 June 2026 ·3 days ago

Operatør - politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal Politidistrikt
Ålesund Full-time
65 more jobs in Ålesund.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Om stillingaOperasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar. 

Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag. Vi kan love deg ein spennande, variert og aktiv arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt!

Vi tilbyr også eingongsutbetaling for tilsette som ønskjer å forplikte seg til stillinga i minst to år (kr. 150 000) eller i minst tre år (kr. 200 000) etter nærare avtale.

Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.

Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som blir leia av kvar sin avsnittleiar. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar. Vi er lokalisert på politihuset i Ålesund og er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter motiverte medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande og lydhøyr i krevjande situasjonar og dessutan byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. 

Arbeidsoppgåverhandtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktethandtere 02800 anrop og hovudnummer til politidistriktetplanlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiarutføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO/COPsørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørarbidra til å sette i verk straksetterforskinginvolvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysingakan påleggast andre oppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:

fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål, evt. foreløpig karakterutskrift, og utfylt karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsxgod munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk, og gode kommunikasjonsevnerplettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.må kunne sikkerhetsklarerast som HemmelegDet er også ønskjeleg med

erfaring frå politistillingrelevant tilleggsutdanningerfaring frå operasjonssentral
Personlege eigenskapargode haldningar og samarbeidsevnerhøg stresstoleranseinitiativrikSom medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel ossein utfordrande og spennande arbeidsplass på operasjonssentralen i Ålesundfast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenterpolitibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 560 000 - 610 000politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 615 000 - 665 000. For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.eingongsutbetaling for tilsette som forpliktar seg til stilling som operatør i minst 2 år (kr. 150 000) eller i minst 3 år (kr. 200 000)ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for områdetgodtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnustenestemedlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no.Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.tilknyting til bedriftshelsetenesteTilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Slik søkjer duDu søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

The market for this type of role

Similar openings
65
jobs in Ålesund
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
Møre og Romsdal Politidistrikt

4 open positions · Hovdebygda, Ålesund

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ålesund?
Currently 65 roles in Ålesund on AlmostHired, across 21 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.