Jordmor
Opplev ei meningsfylt karriere som Jordmor!
Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utfordrande jobb?
Vi har ledige vikariat i 75 - 100% stilling for jordmor.
Seksjonane føde og barsel i Ålesund har ca 1 200 fødslar i året, og vi tilbyr eit dynamisk arbeidsmiljø med fokus på normalfødslar og spesialisert fødselshjelp. Hos oss jobber vi i team og har fokus på kvalitet, fagligutvikling og tverrfagleg samarbeid. Vårt mål er å skape ein trygg og omsorgsfull oppleving for våre pasientar gjennom heile svangerskaps-fødsels- og barselperioda.
Følg oss gjerne på Instagram; fodeavdelingen_alesund_hmr.
Vi er ei avdeling med godt arbeidsmiljø, og ønsker deg velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
ArbeidsoppgåverDu vil rullere mellom føde- og barselseksjonen
Fødeseksjonen har fire fødestover, der to er tilrettelagd for vassfødsel
Drift og pasientoppfølging på våre 23 sengeplassar, inkludert observasjonssenger for sjuke gravideKvalifikasjonarNorsk autorisert jordmor
Gode norsk ferdigheter, både muntlig og skriftlig
Interesse for eller erfaring frå føde-/barselavdeling
Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Fagleg engasjert og ønskjer å bidra til vidare utvikling av seksjonane
Gode samarbeidsevner og eit sterkt pasientfokus
Sjukepleiar kan søkje, og kan bli vurdert dersom ein ikkje får tilsett kvalifiserte jordmødrePersonlege eigenskaparVi søkjer etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike jordmødre som har interesse for alle arbeidsoppgåver innan jordmorfaget, og som kan vere med å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelinga
Du er motivert for fagleg utvikling
Du er inkluderande og løysingsorientert
Du har stor arbeidskapasitet
Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
KontaktinformasjonMartha Kvasnes Molvær, Seksjonsleiar, Martha.K.Molver@helse-mr.no
Marianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
ArbeidsstedÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5136748949
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 24.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗