Øygarden lokalmedisinske senter
Om avdelinga: Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, gode assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfagleg tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Helgestillingane som her vert lyst er knytt til ei kommunal korttidsavdeling og tek i mot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling og oppfølging før heimreise.
Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar
Arbeidsoppgåver:Pleie, oppfølging og behandlig av pasientaneArbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine målArbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrarTverrfagleg arbeidVere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljøKvalifikasjonar:Må ha: Søkjar må vere trygg i skriftleg og munnleg norsk. Krav om B-2 i norsk.Må vere 18 år.Ønskjeleg med:Erfaring frå liknande arbeid og i utdanning innan helseØnskjer søkjarar som er student innan helse, men kan og vere søkjarar som er nysgjerrig på helsesektoren og som ser for seg å ta utdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller anna helsefagleg utdanning på siktPersonlege eigenskapar:Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørandeDu ønskjer å jobbe med korttidspasientar og menneske som er i siste fase av livetDu tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering, og vil jobbe for måla som blir sett for pasientenDu viser engasjement i arbeidet ditt og er eigna til denne arbeidsformen Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng detDu er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengsDu ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafelleskapVi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningarMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utviklingKontakt: Tonje Tangen Alvsvåg - Einingsleiar 99 700 857
Anita Bildøy Hestad - Avdelingsleiar 481 77 990
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗