Straume bu- og servicesenter
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, et bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Det er no ledig ei 70% fast sjukepleiarstilling natt. Stillinga kan eventuelt aukast med timebank. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som samen har ansvar for 51 bebuarar på senteret.
Arbeidsoppgåver: Utøve god fagleg omsorg til våre bebuararDokumentasjon i gjeldande fagjournalIvareta bebuars individuelle behovBidra til eit godt og engasjerende arbeidsmiljøRettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsetteBidra med fagleg autoritet og varmeKvalifikasjonar:Må ha:Autorisasjon som sjukepleiar.Gode munnlege og skriftlege norskkunnskaparGyldig politiattestØnskjeleg med:Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid i eldreomsorgen
Personlege eigenskapar: Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiarDu har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i teamDu er stabil, påliteleg og ansvarlegDu bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåverDu er løysingsorientert og likar nye utfordringarDu engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørandePersonlege kvalifikasjonar vil verta vektlagtAnna:Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningarEin spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljøMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utvikling.Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt: Avdelingsleiar Heidi R. Endal tlf: 919 11 187Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from NAV. View original listing ↗