Vil du gjere en forskjell? Bli helsefagarbeidar hos oss!
Er du klar for ein jobb der du betyr noko – kvar dag? Hos Fusa bu- og behandlingssenter får du faglege utfordringar, eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø og moglegheita til å gi omsorg med hjartet. Vi søkjer to engasjerte helsefagarbeidarar f.t ved Buavdelinga, og håper du vil søkje!
Om arbeidsplassen
Fusa bu- og behandlingssenter er ein heildøgns institusjon med eige produksjonskjøkken og vaskeri. Vi ligg sentralt i Eikelandsosen med flott utsikt over fjorden – ein arbeidsplass der trivsel og fag går hand i hand.
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorg til pasientar i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav Dokumentasjon i fagsystem og oppfølging av tiltak Kartlegging, igangsetting og gjennomføring av faglege tiltak Legemiddelhandsaming, ernæring og miljøarbeid Bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid i tråd med kommunen sine verdiarKvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning/erfaringUtanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandetVi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Interesse for eldreomsorgGode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til observasjon, dokumentasjon og fagleg refleksjon Ansvarsbevisst, løysingsorientert og stolt av ditt fagPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGod pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringTurnus med dag- og aftenvakter, samt arbeid kvar 3. helg, eller med langvakt kvar 4. helgLøn etter gjeldande avtalarVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunenBjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗