via nav · 3 June 2026 ·4 days ago

Er du sjukepleiar/vernepleiar med ønske å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?

Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen
Eikelandsosen Full-time
3 jobs in Eikelandsosen — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!

Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.

Vi har 2 ledige 100 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar. Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.

For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen.

Kvifor velje oss?

Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nyttDu får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!  Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper Du får bruke kompetansen din der behovet er størstDu blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingarArbeidsstad
Eikelandsosen

Arbeidsoppgåver

Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjonDokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester  Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar  Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring Bidra til godt arbeidsmiljøKvalifikasjonar

Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdertHar gjerne relevant vidareutdanningUtanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandetSøkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftlegVi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar

Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner  Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengstDet blir lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGod pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringLøn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaerSom ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helgVi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunenBjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
3
jobs in Eikelandsosen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,448
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Eikelandsosen?
Currently 3 roles in Eikelandsosen on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.