Vi søkjer sjukepleiarar/vernepleiarar til deltidsjobb under vidareutdanning
Er du sjukepleiar og skal begynne på vidareutdanning – eller er du allereie i gang med studiar? Ønskjer du å kombinere fagleg utvikling med verdifull arbeidserfaring og inntekt ved sida av? Då vil vi høyre frå deg!
Hos oss får du moglegheit til nettopp dette. Vi legg til rette for at du kan vere i arbeid samtidig som du studerer, og tilbyr fleksible deltidsstillingar som kan tilpassast studiekvardagen din. Dette gir deg ein unik sjanse til å styrkje både den teoretiske og kliniske kompetansen din parallelt.
Om stillinga
Vi søkjer engasjerte og fagleg interesserte sjukepleiarar til deltidsstillingar i både somatiske og psykiatriske einingar. Hos oss får du høve til å arbeide fleksibelt ved sida av studiane, samtidig som du utviklar klinisk kompetanse i eit trygt og støttande fagmiljø. Stillingane har ein storleik på mellom 15 % og 50 %, og kan tilpassast etter studieløp og behov.
Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:
Psykiatri
Psykiatrisk klinikk, Avdeling spesialisert psykosebehandling S5, Psykiatrisk akuttmottak (PAM)BemanningssenteretSomatikk
Barne- og ungdomsklinikkenKirurgisk klinikkKirurgisk serviceklinikk, Postoperativ Glasblokkene, Postoperativ seksjonNevroklinikken, Nevrologisk akuttpostKlinikk for hovud/hals, Avdeling Hovud-Hals og AugeHjarteklinikken, MIOOrtopedisk klinikk, Kysthospitalet i Hagevik, Skadepoliklinikken i Bergen helsehusMottaksklinikken, AkuttmottakReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 1, Post 2Bemanningssenteret
ArbeidsoppgåverS5 er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Psykiatrisk Klinikk Sandviken.
Organisatorisk høyrer vi til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ein akuttpost og vi er kjent for det gode arbeidsmiljøet vårt. Vi har ledige stillingar på 15-18 %.
Kontakt: Liv Mala, tlf. 55958755.
Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
På PAM har vi som oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. Vi har 2 ledige helgestillingar i 15 %.
Kontakt: Anja Marie Engh , tlf. 55956412.
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus er landets nest største barneavdeling og eit regionalt senter for behandling av barn og unge opptil 18 år. Klinikken held til i Glasblokkene og tilbyr eit breitt spekter av spesialisthelsetenester innan både somatikk og psykisk helse. Med 67 senger fordelt på fleire seksjonar, og eit tett tverrfagleg samarbeid, gir vi heilskapleg behandling til pasientar og familiar. Vi har sterk satsing på utvikling, samhandling og innovasjon, mellom anna gjennom avansert heimesjukehus. Årleg behandlar vi tusenvis av pasientar gjennom innleggingar og polikliniske konsultasjonar. Hos oss møter du eit engasjert fagmiljø med fokus på kvalitet, trivsel og pasientnær omsorg. Vi har behov for 4 helge stillingar på 15 % og 4 stillingar i 40 %.
Kontakt: Anne-Siri Fonneland, tlf. 91174229.
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for Gastro - og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. Post 3 har 20 senger, og behandlar både elektive og akutte pasientar. Det er ein spennande og svært lærerik post med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Pasientgruppa er kompleks og vi ønsker at dei tilsette har eit tydelig engasjement og ei fagleg interesse for fagfeltet. Her får du høve til å utfordre deg sjøl, lære mykje og raskt utvikle sjølstende i arbeidet. Avdelinga er opptatt av fagleg oppdatering og innovasjon. Post 3 jobbar tett saman med dei andre postane i Kirurgisk klinikk. Vi har 2 ledige stillingar i 14 %.
Kontakt: Marianne Sørensen, tlf. 55973599
Postoperativ Glasblokkene er en seksjon med fag- og overvåkings kompetanse innenfor gynekologi, obstetrikk, barnekirurgi, endokrinologi og augeoperasjonar. Vi har både heldøgns pasienter, dagkirurgi og øyeblikkelig hjelp. Vi er lokalisert over 2 etasjer i Glasblokkene. En etasje med hovedsakelig voksne og en med barn. I tillegg har vi en satellitt med driftsansvar for postoperativ overvåking i augebygget. Hverdagen hos oss er variert og fagligutfordrende. Vi har ein ledig stilling i 30 %.
Vi ser frem til å ha deg som en del av laget vårt i Glasblokkene
Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, tlf. 475 15 846.
Kvalifikasjonar (overskrift)Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel.
Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436.
Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. Vi har ledige helgestillingar i 10-20 %.
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041.
Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig helgestillingar i 20 %. Avdelinga har døgndrift med 27 senger og inneliggjande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud/hals som klinikken har regionalt behandlingsansvar for. Pasientane er innlagd både for kirurgisk behandling og strålebehandling. Det er ein spennande avdeling med fleire fagfelt og stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, og avdelinga har hovudansvar for tracheostomipasientar. Vi har eit godt arbeidsmiljø, trivsel og teamarbeid i avdelinga.
Kontakt: Kjersti Walde, tlf. 98423714.
MIO - Hjarteklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Hjarteklinikken driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er framtredande og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteklinikken har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgisk), ei intensiv- og overvakingseining (MIO) samt eining for hjarteintervensjon. MIO har 10 sengeplassar og behandlar årleg ca. 500 intensivpasientar og 1000 overvakingspasientar. MIO er ei eining med høg kompetanse på sjukepleie til akutt kritisk sjuke pasientar. Vi har ledig stilling i 10 % for intensivstudentar.
Kontakt: Anne Åshild Herdlevær, tlf. 55973662.
Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit spesialsjukehus for planlagt ortopedisk kirurgi i Os. Vi tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste med klinisk undersøking, behandling, pleie, mobilisering og vidare oppfølging. Sjukehuset er ein del av Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og utfører årleg 1800-2000 inngrep. Sjukehuset behandlar dei fleste lidingar i musklar og skjele bortsett frå akutte skader. Vi har ledig stilling i 10 %.
Kontakt: Kari Indrekvam, tlf. 56565800.
Skadepoliklinikken ivaretar pasienter som treng akutt helsehjelp ved skader som brudd, kutt, sår og brannskader, samt kontroll av desse skadene. Skadepoliklinikken har tilsette med høg kompetanse som arbeider tverrfaglig i eit godt og aktivt arbeidsmiljø. Målet er å levere kvalitet i tenesta med pasienten i sentrum. Vi samarbeider med utdannings- og forskingsinstitusjoner, rettleier studenter og har flere pågående forskingsprosjekt. Vi har ledig stilling i 20-50 %, hos hos oss jobbar vi 2-delte vakter og kvar 3. helg.
Kontakt: Linda Eikefet Revheim, tlf. 97173501.
Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig stillingar på 15-40 %. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Lisbeth Sparre, tlf 55918484 eller Anja Margrethe Jordal, tlf. 55918425.
Bemannningssenteret Vanskeleg å velje avdeling? Bemanningssenteret sjukehuset sitt eige inter
This listing is from nav. View original listing ↗