Vi søker kokk
Matforsyning på Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stilling:
100% fast stilling som kokk frå 01.09.2026 eller etter avtaleMatforsyning i Helse Førde har arbeidsstader på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Indre Sogn psykiatrisenter.
Vi produserar og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane.
Plassering stilling: Matforsyning Førde sentralsjukehus
ArbeidsoppgåverTilsett i Matforsyning skal delta i alle planlagte og rutinemessige arbeidsoppgåver innanfor seksjon kjøkken sitt totale drifts - og fagområde
Det er mottakskjøkken i sengepostane, kantine, kafe og produksjonskjøkken/varemottak.
Tilsett må kunne tilegne seg nødvendig IT-verktøy/programvarer
Tilsett vil ha medansvar på det arbeidsområde vedkommande arbeider i lag med næraste leiarArbeid i turnus - arbeid kvar 3. helg om ikkje anna vert avtalt.KvalifikasjonarFagbrev frå institusjon eller hotellErfaring frå institusjon, kafe, hotell/restaurant og kundebehandlingIt-kompetanse, men opplæring vil bli gittSøkjar må beherske norsk godt, både skriftlig og munnleg.Personlege eigenskaparMå like å arbeide både aleine og i større gruppeKunne skape tillit og hygge kring seg på arbeidsplassen.I ein travel arbeidskvardag, vil god fysikk være til god hjelpVi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningarRegelmessige personalmøte der m.a. arbeidsmiljø er eit viktig momentÅrsturnusSosiale hendingar - store og små
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
KontaktinformasjonFrode Andre Devig, Ass. kjøkkensjef, 95141672, frode.andre.devig@helse-forde.no
Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682
ArbeidsstadSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5145246977
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.08.2026
This listing is from nav. View original listing ↗