Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Sunnfjord kommune driv 16 kommunale barnehagar og vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivast. Vi ynskjer å gje dei gode vilkår for leik, læring og utvikling. Til dette treng vi fleire med på laget.
Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:
Hatlehaugen barnehage:
100 % fast stilling som barnehagelærarFor meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anita Bolstad Indrebø, tlf. 480 00 066, eller på e-post anita.bolstad.indrebo@sunnfjord.kommune.no.
Langhaugane barnehage:
100 % fast stillings som pedagogisk leiar100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar, vikariatDersom det blir intern tilsetting kan det bli ledig stilling som barnehagelærar.
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Lena Kristin Slettemark, tlf. 954 06 109, eller på e-post lena.kristin.slettemark@sunnfjord.kommune.no
Alle stillingane er ledige frå ca 01.08.2026.
Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk. Barnehagane kan tilby deg:god oppfølging av nytilsettedeltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læringsystematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjontillegg som pedagogisk leiarkompetansetillegg for relevant vidareutdanninggode pensjons- og forsikringsordningarKvalifikasjonar:du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidardu er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barndu har gode evner til å leie barn og vaksnedu kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeiddu likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utviklingbeherskar godt norsk, både skriftleg og munnlegKjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar.
For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Utlysinga gjeld også stillingar som kjem til ved alle dei kommunale barnehagane i Sunnfjord kommune hausten 2026.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗