via nav · 1 June 2026 ·5 days ago

Veterinær

Mattilsynet
Ølen Full-time
6 jobs in Ølen — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du bidra til  trygg mat  frå  jord til bord?  
Mattilsynet er eit statleg tilsyn og direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag: å tryggje framtida for  menneske, dyr og natur. Vi er både myndigheitsutøvar, rettleiar og beredskapsaktør.  
Som veterinær i Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri, avdeling slakteri, seksjon raudt kjøtt vest  (kontorstad Ølen og Sandeid), får du ein variert arbeidskvardag der du bruker heile bredda av kompetansen din. Du jobbar med dyrevelferd, dyrehelse og trygg mat frå jord til bord – i eit samfunnsoppdrag som verkeleg betyr noko.  
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling. Trivst du med sjølvleiing, samarbeid og har god rolleforståing, får du her sjansen til å gjere ein forskjell – saman med kollegaer som brenn for faget.  Vi har to stillingar ledig.  

Arbeidsoppgåver:  Kjøttkontroll og viltkjøtkontroll  Kontroll med slakteri og mattryggleik  Tilsyn med dyrevelferd og dyrehelse  Sakshandsaming og offentleg forvaltning  Rettleiing til verksemdene vi fører tilsyn med, og til organisasjonar, andre aktørar og innbyggjararAndre oppgåver kan komme til ved behov  
  
Kvalifikasjonskrav  
Du må ha:  Norsk autorisasjon som veterinær  God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk  Gyldig førarkort klasse B  Evne til å sette deg inn i Mattilsynets datasystem og å bruke IKT-verktøy  
 
Det er ein fordel om du i tillegg har:  Erfaring frå offentleg forvaltning   Erfaring frå forvaltningområda til Mattilsynet  Godkjenning som offentleg veterinær. Har du ikkje det, får du kurs og opplæring i Mattilsynet  
  
Personlege  eigenskapar:  Du har god rolleforståing og har evne til å foreta gode faglege vurderingar i forvaltninga av regelverket   Du kan jobbe i team, men også sjølvstendig   Du er nøyaktig, engasjert og effektiv  Du er god til å rettleie  Du kan planlegge, men også  tilpasse deg endringar i ein variert og til tider der hektisk kvardagDu har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø    
Vi  legg vekt på  at ein høver i stillinga.  
 
Vi  tilbyr:  To faste  stillingar  som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og  kompetanse. Tilsvarande  stillingar i Mattilsynet  blir lønna  frå kr 650 000 til kr 770 000.  For særs kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Eit godt fagmiljø med erfarne og dyktige kollegaer  Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring  Ordna  arbeidsforhold og kompensasjon for  ulagleg arbeidstid i samsvar med  gjeldande regelverk og særavtalar  Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar.  
  
Kontaktinformasjon  
Ta gjerne kontakt med seksjonssjef Gro Eliassen på mobil  95020293,  om du har spørsmål om stillingane.  
  
Slik søkjer du  
Vi vurderer berre elektroniske søknader.  Du lastar  opp vitnemål  via Vitnemålsportalen. Dette  sikrar  ein enkel og trygg overføring av dokumenta  dine. For meir informasjon om  korleis  du bruker Vitnemålsportalen,  sjå  vitnemalsportalen.no.  Søkjarar  som  ikkje  har  moglegheit  til dette,  kan leggje ved  attestar og vitnemål til søknaden.  
 
Visjonen vår er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lykkast med dette er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen, korleis vi jobbar saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på brukarane sine behov. Vi er 1.200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som for eksempel veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, jus og forvaltning. Det gleder oss at vi har stige på omdømmemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengig av tillit og jobbar hardt for å opplevast som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no. 
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi nyttar informasjonen berre til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Ølen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Mattilsynet

4 open positions · Bardufoss, Bjerka, Ølen

📊 Job market · Norway
5,136
active jobs
2.9%
Remote
Ø 3d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ølen?
Currently 6 roles in Ølen on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.