via nav · 3 June 2026 ·3 days ago

Sjukepleiar/vernepleiar

Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Ølen Full-time
6 jobs in Ølen — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet søker no inntil 6 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar, fordelt på fleire avdelingar ved begge institusjonane. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid og natt.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø der bebuarane står i sentrum. Du «bur» i di avdeling, men samarbeider tett med kollegaer på tvers – her deler me kompetanse, støttar kvarandre og jobbar saman for best mogleg kvalitet.

Me har gode rammer for å lukkast: moderne hjelpemiddel som takheis og digitale pasientvarslingssystem, IKOS-tavler for god oversikt i kvardagen, og tett samarbeid med lege, fysio og ergo. I tillegg har me servicemedarbeidarar og helgeassistentar som tek praktiske oppgåver – slik at du får bruke tida di på det som betyr mest: fag og pasient.

No ønskjer me fleire med på laget som vil vere med å utvikle tenestene våre vidare – og bidra til gode dagar for både bebuarar og tilsette.

Kva får du jobba med hos oss?

Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.Arbeid i eit miljø tilrettelagt med gode hjelpemidlar og takheisar.Arbeide i eit framtidsretta miljø med pasientvarsslingssystem og IKOS tavler.Sjukepleieteam under utforming.Fagdag kvar 6 veke.Me kan tilby:

25 000,- over KS garantilønn for arbeid på dag/kveld.40 000,- over KS garantilønn for arbeid på natt.Sjukepleiarar får også lønn tilsvarande minimum 8 års ansiennitet frå start.Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per vakt når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!Stimuleringsordning for langvakter på helg, med kr. 500,- per langvakt laurdag og søndag.Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. ÅrsturnusEin jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan og med støtte frå arbeidsgivar.Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering tett på arbeidsplassen og rabatt på Frisk treningssenter.Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar:

Du ønskjer å gjere ein forskjell – kvar dag – for menneska du møter.Du er fagleg nysgjerrig og likar å finne nye og betre måtar å løyse oppgåver på.Du står støtt i ein travel kvardag, tek ansvar og får ting gjort.Du møter bebuarar med varme, respekt og fagleg tryggleik – også når behova er komplekse.Du løftar blikket, ser kollegaene dine og bidreg til eit arbeidsmiljø der ein heiar kvarandre fram.Du trivst best når du får samarbeide, dele og spele andre gode – fordi du veit at dei beste løysingane skapar vi saman.Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
6
jobs in Ølen
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Vindafjord kommune Institusjonsdrift

2 open positions · Ølen

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ølen?
Currently 6 roles in Ølen on AlmostHired, across 2 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.