via nav · 27 May 2026 ·10 days ago

Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut

Foren bufellesskap & Vardheia bufellesskap, Time kommune
Kvernaland Full-time
3 jobs in Kvernaland — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du bli med i eit engasjert fagmiljø innan helse- og velferdstenester?

I miljøtenesta i Time kommune er me ein triveleg gjeng som jobbar for å skapa gode kvardagar for menneske med samansette funksjonsnedsettingar. No treng me fleire kollegaer - kanskje er det deg?

Om avdelingane:
Foren burettslag ligg på Kverneland, og gir heldøgntenester til 7 unge bebuarar.

Nye Vardheia ligg på Bryne. Avdelinga gjev tenester til 6 bebuerar fra hausten og treng difor fleire på laget.

Begge avdelingar ligg i kort avstand til buss og tog, og har årsturnus. 

Ledige stillingar:
Foren burettslag:

  • 100 % stilling som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut med arbeid kvar 4. helg med langvakter, mulig for nokre langvakter i vekedagar.

  • Helgestillingar for studentar/helsefagarbeidar/assistentar.
Nye Vardheia bufellesskap:
  • 2 x 100 % stilling vernepleiar/sjukepleiar, arbeid kvar 4. helg.

  • Helgestillingar - Arbeid kvar 3. eller kvar 4. helg, også ledige helgestillingar på natt.
Kven ser me etter?
I Miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande. Humor, galskap og glede pregar kvardagen både for bebuarar og tilsette. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Positiv atferdsstøtte (PAS) er vårt verdigrunnlag og rammeverk. Om du ikkje kjenner til PAS, fortvil ikkje - me har dyktige kurshaldarar internt i miljøtenesta.

Spesifiser gjerne i søknaden kva stilling og avdeling du er interessert i. Intervju vil foregå fortløpande. Oppstart etter avtale. 
Ta gjerne kontakt på mail dersom du har spørsmål om stillingane

 

ArbeidsoppgåverAnsvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukararSamarbeida med pårørande og sikra at brukarmedverknad vert teke vare påArbeida både sjølvstendig og i teamBidra til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverkSørga for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeidde og oppdaterteBidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljøLikar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for brukarane våre, følge brukarar i bassengDet inngår i stillinga at du er med i ressursgrupper, har medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med dei ulike bustadane.Rettleia studentar og lærlingar i praksisErfaring med og interesse for utfordrande atferd er ein fordel KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som vernepleiar / sjukepleiar. Anna høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag kan vurderes.Erfaring frå miljøarbeid og arbeid med utfordrande atferdDokumentert norskkunnskap på nivå B2 dersom du har anna morsmål enn norsk.Gyldig politiattestFørarkort klasse BPersonlege og faglege eigenskapar som samsvarar med ansvaret i stillinga vil bli tillagt stor vekt. 

NB! Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessenVi tilbyrGode pensjonsordningar Løn etter tariff/avtaleEin spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
KontaktinformasjonEmilie Øines, Avdelingsleiar Vardheia bufellesskap, emilie.oines@time.kommune.no

Tordis Winstrup, Avdelingsleiar Foren burettslag, tordis.winstrup@time.kommune.no

ArbeidsstadGamle Åslandsvegen 25

4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5135875676

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
3
jobs in Kvernaland
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Kvernaland?
Currently 3 roles in Kvernaland on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.