Undervisningsstilling på Frøyland skule
Frøyland skule er ein 1.-7. skule med omlag 360 elevar og 55 tilsette. Visjonen vår er "Kunnskapsrik og fargerik". Me legg vekt på at elevane skal oppleve både fagleg- og sosial inkludering, og at elevane skal trivast og ha det godt på skulen. I kollegiet legg me vekt på samarbeid og felles ansvar for elevgruppa.
ArbeidsoppgåverVil du vera med på laget vårt neste skuleår? Me treng ein positiv person som likar ungar og brenn for utdanning. Me har ledig ei vikariat som faglærar for skuleåret 2026-2027. Stillinga kan bli fast på sikt. KvalifikasjonarGodkjent lærarutdanning. Me vil legge vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessenMe tilbyrGode pensjonsordningar Løn etter tariffEin spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
KontaktinformasjonKaren Helene Seppola, Rektor
ArbeidsstadKråvegen 2
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5140001656
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 20.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗