Tilkallingsvikar til Fontenehuset Sunnhordland søkes
Vil du bidra til betre psykisk helse og eit rausare arbeidsliv?
Vi søkjer tilkallingsvikarar til Fontenehuset Sunnhordland
Mange med psykiske utfordringar fell utanfor og vert ekskluderte frå arbeids- og samfunnsliv. Vi søkjer deg som vil bidra til positiv endring, og vere med å styrkje Fontenehuset som ein viktig aktør innan arbeidsinkludering og psykisk helse i Sunnhordland.
Har du evna til å skape tillit, samstundes som du gir rom for andre? Er du god til å byggje relasjonar, motivere og engasjere? Har du kanskje interesse for digitale løysingar, matlaging og det å jobbe saman? Det er supert! Dersom du også er fleksibel og trivst med varierte oppgåver, kan du vere den vi leitar etter.
Om Fontenehuset
Fontenehus er eit arbeidsretta fellesskap for menneske med psykiske helseproblem. Her får medlemmene ei meiningsfull tilknyting og moglegheit til å ta aktiv del i eigen bedringsprosess gjennom deltaking i drifta av huset. Vi jobbar for å støtte menneske som ønskjer å kome ut i arbeid eller studium.
Om rolla som tilkallingsvikar
Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta av Fontenehuset ved behov. Du vil jobbe saman med medlemmar og tilsette og bidra til å oppretthalde eit trygt, inkluderande og aktivt miljø.
Arbeidsoppgåver:
Praktiske oppgåver som matlaging, reinhald og dagleg drift
Deltaking i kontoroppgåver og enkle administrative oppgåver
Bidra til aktivitetar og fellesskap i huset
Støtte medlemmar i arbeidstrening og sosial deltaking
Arbeidstid vil vere etter behov, hovudsakleg på dagtid, men kan også inkludere ettermiddag og noko helg.
Vi søkjer deg som
Er ein god lagspelar og likar å jobbe med menneske
Er fleksibel og kan stille på kort varsel
Har evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø
Tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast
Har gjerne relevant erfaring -- personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og inkludering
Opplæring i Fontenehusmodellen
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
Løn etter avtale.
This listing is from nav. View original listing ↗