ID 2452 Einingsleiar - Førebyggjande tenester
Vil du vera med og utvikla framtidas førebyggjande tenester for barn og unge i Stord kommune?
Ei av dei viktigaste oppgåvene som står føre oss i kommunane er å skapa tenester som skapar gode oppvekstmiljø som gjer at barn og unge meistrar kvardagen sin. I førebyggjande tenester arbeider me saman med barnehagar, skular, barneverntenesta og tenester i spesialisthelsetenesta for å gi barn og unge moglegheiter til å utvikla seg på ein sunn og god måte med sine føresetnader.
Det er ledig fast 100% stilling som einingsleiar.
Me søker ein engasjert og tydeleg leiar som vil vera med å styrka det tverrfaglege arbeidet for barn, unge og familiar. Stillinga har ansvar for eit breitt fagområde med viktige førebyggjande og helsefremjande tenester.
Om stillinga
Som einingsleiar får du ansvar for leiing, utvikling og samordning av følgjande avdelingar:
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og spesialpedagogisk team i barnehagane
Førebyggjande helse
Ungdomsteam
FACT Ung Sunnhordland
Sævarhagen avlastning og oppfølging for barn og unge
I tillegg vil du ha ansvar for utvikling av modellen Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) og utarbeida planar for eininga si verksemd på ulike område. Du vil få ei sentral rolle i utvikling av heilskaplege og koordinerte tenester i oppvekstsektoren, med fokus på tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og brukarmedverknad.
Stillinga inngår i kommunen si einingsleiargruppe innan oppvekst og kultur, og du rapporterer til kommunalsjef for oppvekst og kultur.
Arbeidsoppgåver
Fagleg, administrativ og økonomisk leiing og drift av eininga
Vidareutvikla gode og samordna tenester for barn, unge og familiar etter betre BTI-modellen
Legga til rette og medverka til godt tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
Medverka til eit konstruktivt samarbeid med tillitsvalde og verneombod
Sikra kvalitet, utvikling og innovasjon i tenestene
Personalansvar og medarbeidaroppfølging
Bidra til strategisk utviklingsarbeid og implementering av nasjonale føringar
Samarbeid med tilsette i skular, barnehagar, barnevernteneste, spesialisthelseteneste og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan helse eller sosialfagleg område
Leiarerfaring frå helse, sosialfagleg eller anna relevant område
Erfaring frå eitt eller fleire av fagområda i eininga
God forståing for offentleg forvalting, lovverk og tverrfagleg samarbeid
Gode nynorskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Me ser etter deg som:
er ein trygg og tydeleg leiar
har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
er utviklingsorientert og løysingsfokusert
kan motivera, skapa tillit og engasjement
har evne til å arbeida strategisk og strukturert
har høg arbeidskapasitet
er oppteken av barn og unge og familiar deira sitt beste
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me tilbyr
Ei meiningsfull og samfunnsviktig leiarstilling
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Dyktige og høgt kompetente medarbeidarar og godt tverrfagleg samarbeid
Moglegheit til å påverka og utvikla framtidige teneste
Løn etter avtale
Gode forsikringsordningar
Offentleg tenestepensjon
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare informasjon om stillinga, kontakt: Birthe Blokhus, tlf 92064415, e-post: birthe.blokhus@stord.kommune.no
This listing is from nav. View original listing ↗