via nav · 26 May 2026 ·11 days ago

Sterilforsyningsmedarbeider

Sterilsentral SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Hjelset Full-time
11 jobs in Hjelset — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Bli med på laget som sørgjer for trygg pasientbehandling – vi søkjer nye medarbeidarar til Sterilforsyning SNR!

Vi har ledig to faste stillingar, i tillegg til fem vikariat!

Er du ein nøyaktig, kvalitetsmedviten og serviceinnstilt person som ønskjer ein jobb med stor betydning for pasientane si helse? No har du moglegheit til å bli ein del av vårt dyktige team på Sterilforsyning.

Bak kvar vellykka operasjon står det ein usynleg seksjon – sterilforsyninga. Det er her alt kirurgisk utstyr blir vaska, pakka, kontrollert og sterilisert med millimeterpresisjon før det blir sendt tilbake til seksjonane. Det høyrest rutineprega ut – det er det ikkje.

Hos oss handlar kvar dag om å gjere ein forskjell. Sterilforsyning er hjartet i sjukehuset sitt smittevernarbeid. Vi er ei viktig støttefunksjon for helsepersonell og sørgjer for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr er sterilt, funksjonelt og klart til bruk – og dermed spelar vi ei avgjerande rolle for pasientsikkerheita. Vi har ambisjonar om å byggje ein seksjon med høgt fagleg nivå, der ein arbeider i team og gjer kvarandre gode. Målet er å skape ein seksjon som står for tryggleik, respekt og kvalitet i alle ledd.
Sterilforsyning er ein dedikert seksjon organisert under AIO (Anestesi, anestesileger, operasjon, intensiv, dagkirurgi, sterilforsyning).

Våren 2025 blei sjukehusa i Molde og Kristiansund samlokaliserte til det nye, topp moderne akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sidan 2017 har sterilforsyning gjennomført omfattande investeringar og oppgraderingar av teknisk utstyr, i tillegg til å innføre eit digitalt sporingssystem som oppfyller krava i forskrifta for medisinsk utstyr. Den nye sterilforsyninga ved SNR på Hjelset er utstyrt med avansert, høgteknologisk medisinsk teknisk utstyr som set ein ny standard for effektivitet og kvalitet.
Seksjonen er eit viktig og eige fagområde innan helsetenesta, og har ansvar for handtering, kvalitetssikring, prosessering, lagring og transport av sterilt fleirgongs- og engongs utstyr til pasientbehandling. 

Som ein del av sjukehuset sin beredskap er sterilsentralen i dag døgnbemanna.

Er du vikar kan det gi deg ei moglegheit for fast tilsetjing på eit seinare tidspunkt. Arbeid i 3-delt turnus fordelt på dag, kveld, helg og heilagdagar. I opplæringstida vil arbeidet skje på dagtid.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.

ArbeidsoppgåverMottak, reingjering, desinfeksjon, kontroll, vedlikehald, kvalitetssikring, pakking og sterilisering av kirurgisk utstyr, instrumenter og fleksible skopDemontering og montering av ureine og reine instrumenter fra operasjon SNRBruk av digitalt sporingssystem av fleirgangsutstyr for dokumentering  Håndtering av ulike maskiner i dagleg driftPakke og klargjere prosedyrevogner til operasjon 
Håndtere lager-oppgaver i sterilt lager, system: SAP lagerstyring
Samhandling med ulike seksjoner for å sikre levering til rett tid 
Bidra til orden og system i sterilsentralen sine  lokaler 
Lasting av vogner og utsending av sterilt gods til kliniske seksjoner
Delta i kvalitetsarbeid som oppfølging av avvik og bidra til forbedringar 
Rutinekontrollar av reingjeringsprosessen og steriliseringsprosessen 
Følge opp krav til medisinsk teknisk utstyr, lokaler og tekniske anlegg Varetelling
Tilleggsoppgåver innanfor IKT arbeid kan bli aktuelt Vi har jevnlig undervisning fra eksterne aktørar og interne ressursar, med obligatorisk deltakingSeksjonen har eige opplæringsprogram med dokumentasjonsskjema for gjennomgått 1 års opplæringKvalifikasjonarFagskuleutdanning innan sterilforsyning, kirurgisk virksomheit, helsefagleg utdanning eller logistikkutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav – vi gir deg den opplæringen du treng for å meistre arbeidsoppgåveneFagbrev i prosess, automasjon og produksjon kan også vurderastUfaglærte med eit ønske om utdanning innan faget er også velkommen til å søkje Krav om god norskkunnskap, både skriftleg og muntleg Generell god IT kompetanse  og teknisk forståingAnsvarsbevisst om egen læring Arbeidet er fysisk krevende Evne til å håndtere krevjande oppgåver i ein til tider hektisk arbeidsdagGode kommunikasjonsevner  
God etisk praksisPersonleg eignaheit vil bli vektlagt 
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn oppfordrast til å søkje for å fremme kjønnsbalansen i sekjsjonenPersonlege eigenskaparDu må vere komfortabel med bruk av moderne maskiner og digitale system
Interesse for kvalitetssikring og smittevern Stillinga krev høg grad av nøyaktigheit og evne til å følge prosedyrer og retningslinjerEr fleksibel  Du er ein lagspelar og har evn til å samarbeide i team, men også kunne jobbe sjølvstendig  
Du er utviklingsorientert og endringsvillig 
Du tek ansvar og er opptatt av kvalitet 
Du er nøyaktig i ditt arbeid og held orden Du er positiv og har gode haldningar
Lojal til beslutningar og arbeidsprosedyre
Det vil vere ein fordel om du trivast med ein travel arbeidskvardag 
Personleg eiganheit vert vektlagt, og di evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljøArbeidet forutset tilstrekkelie syn og høyrsel for å ivareta kvalitet, sikkerheit og kommunikasjon i seksjonenVi tilbyrEin fagleg sterk seksjon med høg kompetanse innan sterilforsyning og smittevern
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kritisk støttefunksjon for pasientbehandling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
Tett samarbeid med kirurgiske miljø og andre kliniske seksjoner
Moderne utstyr og fokus på kvalitet, pasienttryggleik og kontinuerleg forbedring
Strukturert opplæring og gode rutinar
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårKontaktinformasjonAnn-Veronica Bratlie, Seksjonsleder, +47 45678689, Ann-Veronica.Bratlie@helse-mr.no

ArbeidsstedOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5128724972

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 09.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
11
jobs in Hjelset
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Hjelset?
Currently 11 roles in Hjelset on AlmostHired, across 3 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.