via nav · 29 May 2026 ·8 days ago

Seksjonsleiar

Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Hjelset Full-time
11 jobs in Hjelset — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vi har no ledig fast stilling som seksjonsleiar i Seksjon for spesialisert Habilitering SNR. Vi søkjer deg som vil vere med og vidareutvikle sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus, i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet. Du kan gje dei tilsette fagleg rettleiing og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad og redusert bruk av tvang.

Seksjonen er lokalisert i eit flott, nytt sjukehusbygg på Hjelset, ca 2 mil frå Molde sentrum. Det er gode bussforbindelser for den som vil reise kollektivt. Seksjonen gir eit poliklinisk og ambulant tilbod til innbyggerane i Nordmøre og Romsdal.

Vår målgruppe er vaksne med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, kor både individet og konteksten vert vurdert.

Seksjonen vår er tverrfagleg bemanna, der alle tilsette har vidareutdanning/ spesialisering innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering. Vi er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri, og er samlokalisert med døgnseksjonane i sjukehuspsykiatrien. I tillegg delar vi spesialist i nevrologi med nevrologisk avdeling, noko som gir eit godt grunnlag for samarbeid. Seksjonane har eit godt fagleg samarbeid og det er lett å ta kontakt på tvers av fagområder, både mot psykisk helse og somatiske avdelingar.

ArbeidsoppgåverPersonalansvar
Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
Ansvar for seksjonen sine tenestar og resultat, mellom anna fagleg verksemd, kvalitet, arbeidsmiljø, økonomi- og ressursbruk
Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
Medansvar for avdelinga sine tenestar og resultat
Fagansvar og fokus på fagutvikling
Vidareutvikling av seksjonen sine tenestar i tråd med overordna føringar
Positiv og aktiv deltakar i avdelinga si leiargruppeKvalifikasjonarUtdanning på universitet- eller høgskulenivå innen helse og sosial
Relevant vidareutdanning relatert til habilitering er ein fordel.
Ønskelig med erfaring innen ledelse og habiliteringsfeltet.
Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar Personlege eigenskaparDu er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
Du har evne og vilje til å utarbeide mål og motivere dine tilsette
Du oppnår resultat, evaluerar og korrigerar
Du er positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Du er endringsdyktig og løysingsfokusert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonLine Therese Heggem Lingen, Avdelingssjef, +47 957 07 045, Line.Therese.Heggem.Lingen@helse-mr.no

ArbeidsstadOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5116164679

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
11
jobs in Hjelset
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Hjelset?
Currently 11 roles in Hjelset on AlmostHired, across 3 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.