via nav · 3 June 2026 ·3 days ago

Skulestadtunet/vegen omsorgbustad

Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Voss
22 jobs in Voss — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her! Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% fast stilling frå 17.08.26 

Om arbeidsstaden

Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. Her er det til saman 14 omsorgsbustadar. Bebuarane er ein aktiv gjeng og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne bustader i nærområdet.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt. 
Me har eit fokus på kvardagsmeistring, med fokus sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.

Me tilbyr

80% fast stilling16 000,- i rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiarÅrsturnusGode forsikrings- og pensjonsordningarLøn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårTilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter laurdag/søndagKvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan vurderast til stillingaGod norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne Gode datakunnskapar Førarkort klasse B Me ynskjer deg som har:

kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevnegode samarbeids- og kommunikasjonsevnerrelasjonskompetanse evne til omstilling og fleksibilitet, og ynskjer å ta ansvarevne til å arbeide sjølvstendig og i team Arbeidsoppgåver

Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltakLegge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetarMedikamenthandteringMålretta miljøarbeidPrimærkontaktansvar  Skapa tryggleik og struktur Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetarPraktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiarBidra til godt samarbeid med bebuar og pårørandeTilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp 

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. 


Link til søknadsskjema: Søk her

The market for this type of role

Similar openings
22
jobs in Voss
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Voss?
Currently 22 roles in Voss on AlmostHired, across 7 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.