Er du barnehagelærar?
Bolstad barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår.
Me har ledig:
40 % barnehagelærar for barnehageåret 2026 -2027Tidsrom:
Frå 01.08.2026 -31.07.2027Me tilbyr:
Gode vilkår for fagleg utviklingEit godt tverrfagleg og sosialt miljøEin kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandreGode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og faglegGode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk Arbeidsoppgåver:
Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidetUtvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresetteVera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansarSørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljøVære ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø Kvalifikasjonar:
Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikkAndre søkjarar kan bli vurdert Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Me ynskjer deg som
er målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar er blid, omgjengeleg og ein god lagspelarer varm og grensesetjandeer utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg har god evne til samarbeid og søkja felles forståing Informasjon om barnehagen:
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alder 1 – 5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
This listing is from nav. View original listing ↗