Sjukepleiar
Ønsker du å arbeide innan fagområda nyre, infeksjon, gastromedisinsk og endokrinologi? Medisin 2 søkjer no etter sjukepleiar!
Vi har tre ledige vikariat i 80% stilling med varigheit på eitt år.
Medisin 2 har 24 sengeplassar, og tek imot pasientar med ulike indremedisinske sjukdomar. Avdelinga tek imot både øyeblikkeleg hjelp og planlagde innleggingar, samt det er fleire spesialfunksjonar tilknytta avdelinga.
Avdelinga legg til rette for helsefremjande turnus med minst mogleg aften/dagvakt belasting. Stillinga inngår i tredelt turnus, men med moglegheit for todelt turnus etter ønske. Det er moglegheit å påverke eigen arbeidsplan og fordeling av vakttypar, ein startar med arbeid kvar 3.helg og får mogleheit til kvar 4. helg etter kvart som ein blir trygg i avdelinga. Arbeid kvar 4. helg inneber 12-timersvakter laurdag og søndag. Vaktene inkluderer 1,5 timars pause, der 1 time kan takast utanfor avdelinga. På fredagar er vakta frå 13:45 til 20:30.
Ved arbeid kvar tredje helg kan ein ha mellomvakter (10:30 – 18:00) laurdag og søndag. Ein arbeider då i team med ein annan sjukepleiar som har langvakter.
Avdelinga har eigne funksjonar som portør, kjøkkenassistent og sekretær. Det arbeider også fleire helsefagarbeidarar ved avdelinga. Kvar fagseksjon har og eigen fagsjukepleiar som arbeider med fagleg utvikling og kompetanseheving i avdelinga.
Vi søkjer deg som har interesse for fagområde og avdelinga. Vi kan tilby:
Grundig opplæring. 2 veker med opplæringsvakter i avdeling, inkludert 1 kontordag, samt ekstra opplæringsdagar ved behov.Som nytilsett vil du i starten arbeide primært innan eitt fagområde.
For nytilsette tilstreber avdelinga alltid at ein arbeidar på team saman med annan sjukepleiar.
Som nytilsett vil du ikkje ha studentansvar før 1 år har gått.Avdelinga legg vekt på fagleg utvikling og eit støttande og hjelpsamt arbeidsmiljø.Ved intern omrokkering kan andre stillingar og anna stillingsprosent bli ledig, samt at det er høve for ekstra vakter.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Det er ønskeleg med referansar. Skriv gjerne kva fagfelt du kan tenkje deg å arbeide med.
ArbeidsoppgåverObservasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløpDekke pasienten sine grunnleggjande behovFørebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheitGi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleieUtøving av god omsorg til pasient og pårørandeBidra til fagutvikling i avdelingaBidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeidKoordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksterntGjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjerStudentrettleiing (dersom nyutdanna, så har ein ikkje veiledaransvar før ein har jobba eitt år)KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarEignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggastGod etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaerMå beherske norsk godt både skriftleg og munnleg, evt anna skandinavisk språkFagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåverPersonlege eigenskaparPositiv og fleksibelVilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivåFagleg engasjertTeamorientertGod kommunikasjon og samhandlingEvne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturertPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsettingVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårÅlesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
KontaktinformasjonMarthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, +47 70105792, Marthe.Farstad@helse-mr.no
ArbeidsstedÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5178367437
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.09.2026
This listing is from NAV. View original listing ↗