via nav · 28 May 2026 ·9 days ago

Sjukepleiar heimebaserte tenester

Aurland kommune
Aurland Full-time
3 jobs in Aurland — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Om stillingaMe har ledige stillingar i heimebaserte tenester:  

100% fast stilling som sjukepleiar  frå snarast. Denne stillinga har turnus med lange vakter, inntil 14,5 timer, med arbeid kvar 4. helg.

Heimebaserte tenester er organisert under  kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 22 tilsette i heimebaserte tenester, som er positive og engasjerte og jobbar for at innbyggjarane i Aurland skal ha god helse, førebygge og bu lengst mogleg i eigen heim.

Heimebaserte tenester er i endring, og det vert blant anna planlagt ny korttidsavdeling som skal takast i bruk i løpet av 2027.

I 2026 jobbar me i årsplan, og frå 2027 skal me ta i bruk kalendarplan. 

RekrutteringstilskotAurland kommune skal stimulere til rekruttering av sjukepleiarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som sjukepleiar.

Sletting av studiegjeld?I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:

 https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune 

Arbeids- og ansvarsområde  

Sjukepleiefaglegansvar for direkte pleie og omsorg til brukaranekartlegge sjukepleiebehov, priorieter og iverksettegi hjelp til personleg hygiene, dusj og ernæringsårbehandling og utarbeide sårprosedyreha brukaren i fokus, og legge til rette for meistring og aktivitetklinisk observasjonpasientansvarleg sjukepleiarmedikamenthandtering fokus på gode tenster og utarbeide og oppdatere tiltaksplanarsamarbeide med andre faggrupper i utføring av arbeidetsamarbeid med brukar, pårørande og andre samarbeidspartnarartverrfagleg samarbeid der brukar har samansette utfordringardrive førebyggande og rehabiliterande helsearbeidimplementering av velferdteknologimiljøarbeidregistrering/dokumentasjon i EPJmedansvar for utarbeiding av prosedyrar og rutinar for kvalitetsutvikling og pasientsikkerheit i tenestenerettleia og gi fagleg opplæring til kollegare og vere veiledar/rettleiar for kollegaer, studentar, pasientar og pårørandetverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, lege og samarbeidspartnararI tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.

 

Me tilbyrei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad bli del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum gode pensjons- og forsikringsordningar kr 35 000 høgare årsløn i lokal lønsstigeekstra laurdags- og søndagstillegg (+ tariffløn kr 10 pr. time)minimum 6 år tilleggsansiennitetfunksjonstillegg til praksisrettleiar eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære sjå  informasjon om barnehageplass ved å fylje lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommuneSjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonarDu må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar Evne til å jobbe sjølvstendig, vere reflektert, fleksibel og ha gode samarbeidsevneKan kontakte brukar/pårørande med respekt og vere lydhøyr for brukar sine ynsker og behovForemon at du har vidareutanning innan aldersgeriatri/ demens eller at du er villig til å ta vidareutdanningErfaring frå arbeid med brukargruppa er ein fordelMå ha førarkort Vernepleiarar kan og søke
Personlege eigenskaparMe legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søker deg som:

er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i fageter fleksibel og løysingsorienterter opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevnertek initiativog har evne til å arbeide både sjølvstendig og i teamhar godt humør, er til å stole på, og er engasjert.  Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar,  og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkårTilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalekrav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato må vere levert, og vurdert, før du byrjar i stillinga
Krav til språkDu bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Minimum språkkrav er B2. 

Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. 

Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

The market for this type of role

Similar openings
3
jobs in Aurland
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Aurland kommune

3 open positions · Aurland, Flåm

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Aurland?
Currently 3 roles in Aurland on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.