via nav · 4 June 2026 ·2 days ago

Personleg assistent

Aurland kommune
Aurland
3 jobs in Aurland — and more nearby.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Om stillingaMe søker etter ferievikarar og tilkallingsvikarar i brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Stillingane er ledige frå snarast og gjeld for ein avgrensa periode, med moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar etter endt periode. 

Brukarstyrt personleg assistanse er organisert i bu og miljø, som er ei avdeling i kommunalområdet helse og omsorg. I tiltaket er det tilsett ein sjukepleiar og seks personlege assistentar som arbeider tett saman i team.

Arbeidet som personleg assistent er variert, meiningsfull og gjevande, og inneber tett samarbeid med både brukar og pårørande. Du vil få nødvendig opplæring i prosedyrar, hjelpemiddel og andre relevante oppgåver, samt rettleiing undervegs.

Brukaren er ei glad og positiv jente på 22 år med utviklingshemming, og ho er rullestolbrukar. Ho treng bistand til daglege gjeremål både på skule og i heimen. Ho er svært glad i musikk, dans, teater, kino og konsertar, og trivst godt i sosiale settingar. Som assistent vil du vere ein del av eit stabilt team rundt henne, der samarbeid, tryggleik og relasjonar er sentrale verdiar.

Arbeidstidsordninga er tilpassa pendlarar, og vi kan tilby overnattingstad under opplæringsperiode.

BPA-ordninga har ei gunstig turnusordning med døgnvakter:

3 døgn arbeid14 dagar fri4 døgn arbeid7 dagar fri (over ein 4-vekers periode)Arbeid kvar 4. helgDøgnvaktene inneheld passiv tid/kviletidAssistentane følger brukaren sitt behov, og det kan i periodar vere aktuelt med arbeid på andre tider, samt i høgtider.

Arbeidstidsordninga ovanfor gjeld for faste stillingar. Vikarane vil få eigen arbeidsplan. I opplæringsperiode og i ferieavvikling kan det vere aktuelt med arbeid i høgare stillingsprosent.

Tilkallingsvikarar vert nytta ved behov, og vert kontakta ved ledige vakter.

Arbeid og ansvarsområdeNokre av arbeidsoppgåvene:

 transport til ulike aktivitetar med meir praktiske og daglege gjeremål personleg stell og hygiene  måltid bruk, reingjering og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar følge til lege og sjukehus
Me tilbyrei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrumløn etter tariff gode pensjons- og forsikringsordningarminimum 6 år ansiennitet for fagarbeidarar og høgskuleutdanningekstra laurdag og søndagstillegg gratis inngang til symjehall og treningsrom i Aurlandshallen i perioden som ferievikarSjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonarfagbrev i helsearbeidarfaget / anna utdanning innan helseområdet er ein fordel, men ikkje nødvendig for tilsetjingrelevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit kravpersonlege eigenskapar vert vektlagtførarkort klasse B er ein fordelMe oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje har formell utdanning eller erfaring. Alle vil få god opplæring og tett oppfølging.

Personlege eigenskaparMe vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane: 

imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar trygg på deg sjølv i rolla di, ansvarsfull og tolmodig omsorgsfull, fleksibel, løysningsorientert  Me ser etter deg som ynskjer å gjere ein skilnad, og har eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkårtilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalekrav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språkDu må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg, minimum på B2 nivå.  Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon om søknadsprosessen Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

The market for this type of role

Similar openings
3
jobs in Aurland
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
Aurland kommune

3 open positions · Aurland, Flåm

📊 Job market · Norway
6,491
active jobs
2.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Aurland?
Currently 3 roles in Aurland on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.