via nav · 12 June 2026 ·1 day ago

Seksjonsleiar

AVDELING KIRURGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund Full-time
72 more jobs in Ålesund.
Upload your CV and see which ones actually match you.
Upload CV

Vil du vere med og utvikle framtidas kirurgiske poliklinikk?

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen. 

I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar. 

Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Vi forventar at ny seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre. 

ArbeidsoppgåverSom seksjonsleiar vil du ha ansvar for:
Dagleg drift og fagleg utvikling av seksjonen i nært samarbeid med seksjonsoverlegar
Personalansvar for tilsette i seksjonen
Ansvar for at poliklinikken vert driven etter gjeldande lovar og forskrifter, etter interne retningslinjer og innanfor økonomisk rammer.
Samhandling med andre fagmiljø og avdelingar
Bidra til god pasientflyt og effektiv ressursbruk
Implementering av kvalitetsforbetring og digitale løysingar
Kombinert arbeidstid: ca 50% administrativt arbeid og 50% klinisk arbeidKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
Vi trur du lukkast best om du har erfaring frå arbeid med kirurgiske pasientar
Ynskjeleg med leiarutdanning og –erfaring. Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskaparDu er tydeleg og synleg for dei tilsette og avdelinga
Du er fleksibel og nytenkande og løysingsorientert
Du har evne til å arbeide strukturert og målretta både individuelt og i team.
Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Du har evne til å kunne arbeide tverrfagleg
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsettingVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

KontaktinformasjonMaren Pedersen, Avdelingssjef, Maren.Pedersen@helse-mr.no

ArbeidsstedÅsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5142762559

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.06.2026

The market for this type of role

Similar openings
72
jobs in Ålesund
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
3%
of roles
📊 Job market · Norway
5,950
active jobs
2.6%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Ålesund?
Currently 72 roles in Ålesund on AlmostHired, across 24 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
3% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.