Lege i spesialisering - psykiatri
Stillinga inngår i klinikken sine LIS3 stillingar som er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege i psykiatri/psykiater. LIS stillingane er også ein del av forvaktordninga ved Avdeling for sjukehuspsykiatri.
Ved Ålesund sjukehus tilbyr Klinikk for psykisk helsevern heile spesialiseringsløpet lokalt utan behov for tenestetid ved universitetssjukehus. LIS 2/3 stillingane er saman med LIS1 stillingar del av det som i dag er ein 16-delt vaktordning. Som LIS er du ein del av eit miljø med fast undervisning og vekentleg veiledning.
Ønsker du meir informasjon om utdanninga som psykiater finn du dette på heimesida til HMR eller ved å kontakte utdanningsansvarleg overlege Jan Betten, jan.betten@helse-mr.no
ArbeidsoppgåverUtgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
Vaktarbeid
Samarbeid med andre faggrupper i pasientbehandlingKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Godkjent del 1 av spesialistutdanninga(LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylde før tiltredingCand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stillingGod meistring av norsk, både skriftleg og munnlegÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsettingPersonlege eigenskaparDu har interesse for psykiatri og psykiske lidingarDu har evne til å sette pasienten sitt behov i fokusDu har gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg samarbeid
Du har engasjement for å bidra til vidareutvikling av psykisk helsevern på Sunnmøre
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonEirik Molvær, Avdelingssjef, +47 70 16 73 00, Eirik.Molver@helse-mr.no
ArbeidsstedÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5141674314
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026
This listing is from nav. View original listing ↗