via NAV · 14 September 2026 ·5 days ago

Rådgjevar barnehage og skule

Kommunalområde Barnehage og skule, Haram kommune
Brattvåg Full-time
This listing is from NAV
View original listing ↗

Vil du vere med og utvikle barnehage- og skulesektoren i Haram kommune?
Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i fagstab barnehage og skule. Stillinga rapporterer til kommunalsjef.
Vi søkjer ein fagleg trygg og utviklingsorientert rådgjevar som vil bidra til kvalitetsutvikling, god saksbehandling og heilskapleg oppfølging av kommunen sitt skuleeigaransvar. Stillinga gir høve til å arbeide både strategisk og praksisnært, i tett samarbeid med kommunalsjef, skuleleiarar og andre samarbeidspartnarar.

I stillinga som rådgjevar får du høve til å påverke utviklinga av barnehage- og skuleområdet i kommunen, gjennom varierte arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag, forvaltning og utvikling.

Arbeidsoppgåver

skulefagleg rådgjeving og støtte til kommunalsjef og skuleleiararkvalitetsutvikling og oppfølging av kommunale satsingar innan barnehage- og skuleområdet, herunder deltaking i tverrfaglege prosjekt og utviklingsarbeidsaksbehandling, utgreiing og utarbeiding av notat, rapportar og politiske saksframleggbehandling av saker og enkeltvedtak knytt til elevar i privatskulane, i tråd med gjeldande regelverk og delegerte fullmaktersamarbeid med interne og eksterne aktørar, til dømes skular, bibliotek og andre kommunale tenesterplanlegge og leie skuleleiar og SFO-leiarmøter (i eit samarbeid med fleire)Arbeidsoppgåvene kan bli justerte i tråd med kommunen sine behov.

KvalifikasjonarVi søkjer etter deg som har:

relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgraderfaring frå skule, oppvekstsektor eller anna relevant offentleg verksemdgod skriftleg og munnleg framstillingsevne på norskgod digital kompetanse
Det er ein fordel med:

relevant vidareutdanning, til dømes innan jus, spesialpedagogikk eller utviklingsarbeiderfaring med kvalitets- og utviklingsarbeiderfaring med offentleg saksbehandlingkjennskap til relevante regelverk innan oppvekstområdeterfaring med arbeid på tvers av fagområde og tenesterforståing for kommunen sitt ansvar som skuleeigarVi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp saman med søknaden.

Personlege eigenskaparVi legg vekt på at du:

arbeider strukturert og sjølvstendighar god rolleforståing og gjennomføringsevnesamarbeider godt med andre, herunder at du evnar å skape tillit og relasjonarer analytisk og utviklingsorientert, og ser det "store bildet"kommuniserer klart og tydelegkan handtere fleire oppgåver og prosessar samstundesPersonleg eignaheit og gode referanser vil bli tillagt stor vekt. Testing kan bli aktuelt.

Vi tilbyrein fleksibel og variert kvardagei spennande og meiningsfull stilling i eit viktig samfunnsområdeløn etter avtale, og god pensjonordningKontaktinformasjonLill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef, 41504764, Lill-therese.h.eidsvik@haram.kommune.no

ArbeidsstadStrandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5176051953

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 05.10.2026

The market for this type of role

Similar openings
5
jobs in Brattvåg
Full-time
92%
of roles in Norway
Remote possible
2%
of roles
📊 Job market · Norway
4,154
active jobs
1.8%
Remote
Ø 4d
avg. online

Frequently asked questions

How many jobs are available in Brattvåg?
Currently 5 roles in Brattvåg on AlmostHired, across 1 different companies. Our data is updated daily.
Do roles in Norway offer remote work?
2% of roles in Norway allow remote work, either partial or full. To filter specifically for remote positions, use AlmostHired.
How do I know if I match this role?
Upload your CV — our AI compares your profile to the job requirements and gives you a precise match score, with matching and missing skills.